FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Kyrkjekaffi 26.5.2013 i Mållagsstova

 (28.05.2013)

Tradisjonen med nynorsk gudsteneste i Domkyrkja i Kristiansand har halde fram sidan 2010. Dette året vart preika halden av generalsekretær i Blå Kors: Geir Gundersen. Liturgi, skriftlesing og salmer var på nynorsk, noko både målfolk og dei andre som kom til kyrkja sette pris på. 

Eit fint musikalsk innslag var ved Nøtterøy barnekantori. Det var staseleg å sjå dei kappekledde jentene som gjekk i prosesjon før og etter gudstenesta, og dei hadde ei svært bra framføring av songane.

I varmt og godt sundagsver vart me etterkvart samla 50 - 60 personar i Mållagsstova for å nyte kaffi og kaker!

Leiv Storesletten ynskte også dette året velkomen til Mållaget, og han leia samværet her på ein ledig og fin måte. Han peika på at målrørsla og fråhaldsrørsla er "sprunge ut av same jord", og det var difor på tide med ein representant frå fråhaldsrørsla i Mållaget.

Geir Gundersen var ein triveleg kar som fortalde litt om seg sjølv og om arbeidet i Blå Kors. Han poengterte at organisasjon er solidarisk med dei som er avhengige, enten det er av alkohol, narkotika eller spel. Særleg er barn og unge ei viktig målgruppe, noko TV-aksjonen i 2008 gav Blå Kors middel til.

Mållaget i Kristiansand er gjennom samarbeidet med kyrkja med og syner seg i bybiletet og gjer rekrutteringa av nye medlemer lettare.

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS