FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Program for hausten 2013

 (24.06.2013)

 

Denne hausten startar me opp litt uvanleg: Me oppfordrar medlemene til å støtte konserten med Aasmund Nordstoga og bandKilden onsdag 4. september. Tittelen på programmet er: Guten. Songar av Aasmund Olavsson Vinje.

Lyrikkveldane byrjar kl. 18.30 og er opne for alle, både medlemer og ikkje-medlemer.
Lagsmøta tek til kl 19 og er sjølvsagt opne for alle. Eitt unntak er julemøtet som berre er for medlemer.

I høve språkåret har me fått Ottar Grepstad, forfattar og direktør for Nynorsk kultursentrum  til å kome til Mållaget med foredrag 8. oktober. Nynorskstafetten kjem til Kr.sand denne dagen, og representantar frå Målungdomen vil besøke fleire skular i distriktet, og studentmållaget kjem til å ha stand på UiA.

Seinare i haust vil Vigleik Frigstad fortelje om studentar som vart tvangssende til Tyskland, og på julemøtet kjem Bjørg Seland frå UiA med kåseri om kvinnesakskvinnene Aasta Hansteen og Fredrikke Qvam som også var gode støttespelarar for målsaka.

Hjarteleg velkomen til Mållaget i Kr.sand hausten 2013

 

August

Tysdag 20. Styremøte

September

Onsdag 04. Kilden kl 19: Aasmund Nordstoga med band: «Guten. Songar av Aasmund Olavsson Vinje»

Tysdag 17. Lyrikk

Tysdag 24. Styremøte

 

Oktober

Tysdag 01. Lyrikk

Tysdag 08. Lagsmøte kl 19: Ottar Grepstad kåserer:

«Språksansen - ei forteljing om nynorsk og all verdas språk»

Musikkinnslag ved Pål Rake

Tysdag 15. Lyrikk

Tysdag 22. Styremøte

 
Tysdag 29. Lyrikk
 

November

Tysdag 05. Lagsmøte kl 19: Vigleik Frigstad:

«Studentane som vart tvangssende til Tyskland»

Tysdag 12. Lyrikk

Tysdag 19. Styremøte

Tysdag 26. Lyrikk

 

Desember

Tysdag 03. Julemøte (medlemsmøte) kl.19: Bjørg Seland kåserer: «To profilar:

Aasta Hansteen og Fredrikke Qvam i kamp for kvinnesak og målsak»

 

Alle som er interesserte i dei sakene eller programma Mållaget har, er hjarteleg velkomne!

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS