Ombygging i Mållagsbygget.
(29.09.2013)
Etter 1. oktober 2013 er Mållaget i Kristiansand ute av 3. høgda. Med god dugnadsinnsats er alt av kunst og inventar flytt til mellombels lager i kjellaren og til 2. høgda i BUL-salen.
Alle møta våre, både lagsmøte, styremøte og møte i lyrikklubben vert nå i 2. høgda i ein kombinert BUL-/Mållagssal. Dette året vert nok ikkje salen slik me ynskjer oss, men heile 2. høgda skal pussast opp og ominnreiast.
Grunnen til dette er utleigesituasjonen i Kristiansand sentrum. Mange lokale står tome, og både Mållaget og BUL er avhengige av leigeinntekter for å drive lagsarbeid.
På årsmøta både i Mållaget og i BUL i februar 2013 vart det vedteke å gjere om laga til aksjeselskap: Mållaget Eigedom AS og BUL Eigedom AS. 1. september vart selskapa fusjonerte, og selskapet heiter nå Gyldenløvesgt 11 Eigedom AS.
Det er Agder og Telemark bispedømeråd som skal leige heile 3. høgda og delar av 2. høgda frå 1. januar 2014. Både Mållaget og BUL er glade for å få ein solid leigetakar i minst 10 år framover.
Det var ei svært triveleg mållagsstove me hadde i 3. høgda, og kunstverka vert teken godt vare på slik at me kan henge opp eindel av dei i 2. høgda saman med BUL når salen er ferdig oppussa. De kan framleis gå inn på lekkja under og sjå korleis der var i 2007!
Sjå òg bilete frå mållagsstova!
Solveig Lima |