ALLKUNNE - eit framifrå nettleksikon på nynorsk
(24.01.2014)

Norsklektor ved KKG og redaksjonsmedlem og forfattar i Allkunne, Vibeke Lauritsen, gav oss svært nyttig informasjon om nettstaden Allkunne i fyrste delen av lagsmøtet tysdag 21. januar.
Etter matpausen kom ho med erfaringar frå nynorskundervisninga i vgs. Her hadde ho med seg ein elev, Sondre Elstad, som i 1. vidaregåande hadde skift frå bokmål til nynorsk. Ein dyktig og engasjert lærar har alt å seie for haldninga i klassen, og han kunne mest ikkje hugse ein kjedeleg time med Vibeke.
Vibeke har sjølv skrive ca 200 artiklar, og heile tida må dei oppdaterast, så det er mykje arbeid. Men svært interessant og lærerikt, som ho presiserte. Allkunne treng stadig nye forfattarar, og Sondre, eleven hennar på KKG, var nettopp blitt godkjent.
Nettstaden Allkunne vart offisiselt opna 20.10.2009, og er eit aksjeselskap eigd av Nynorsk Kultursenter. Alle artiklane er kvalitetssikra, både når det gjeld språk og innhald.
Kvar dag vert det publisert ein ny artikkel, og mange av artiklane handlar om nynorsk kulturhistorie, men frå hausten 2011 vart det eit ålment leksikon. Sondre meinte det måtte skrivast fleire artiklar om musikk, og det vart også nemnt at naturfagartiklar burde det vore meir av.
Allkunne er eit svært godt leksikon til bruk i skulen, og Vibeke presiserte at forfattarane vert oppmoda til å skrive for 18-åringar. Artiklane er dessutan oversiktlege med ein fast struktur, og dei er signerte. Dei handlar om meir enn berre det som skjer i Oslo-gryta, og det styrkar sjølvkjensla hjå dei unge utover landet å finne noko som er skrive på deira eige språk.
Etter matpausen fortalte Vibeke om undervisninga i vgs. Uansett kva fag ho underviser i, skriv ho på nynorsk. Utan å trene seg i å skrive eit språk, vert ein aldri flink i det. Ho oppmodar difor alltid elevane til å levere skriftlege oppgåver i alle fag på nynorsk, iallfall halvparten av det dei leverer. Det er eit framifrå høve til nynorsktrening, for her vert ikkje språkfeil retta!
Vibeke står fram som ein svært engasjert og dyktig lærar som gjer det spennande for elevane å gå til nynorsktimar. Engasjementet for nynorsken smittar over på klassen, og det var interessant å høyre på Sondre om korleis påverknaden frå læraren og andre framståande nynorskbrukarar i media hadde fått han til å sjå på nynorsk med nye auge!
Solveig Lima |