Nynorsk gudsteneste i Kristiansand Domkyrkje 25. mai 2014
(25.05.2014)
Også dette året var me samla til nynorsk gudsteneste i domkyrkja. Me var så heldige å ha fått professor Torleiv Austad, ein utflytt valldøl, til å halde preika. Alle salmane, liturgi og skriftlesing var sjølvsagt på nynorsk.
Som vanleg var det kyrkjekaffi i Mållaget etterpå, og 60-70 menneske møtte opp til kaffi og heimebakte kaker. At me no har eit stort lokale saman med BUL, gjorde at alle fekk god plass.
Det er Leiv Storesletten som har hatt kontakten med Domkyrkja, og det var han som på ein ledig og fin måte leia samværet. Han nytta også høvet til å intervjue Torleiv Austad. Austad fortalde at vallemålet ikkje hadde vore lett å halde på etter han flytte derifrå som 11-åring. Faren var prest, og dei flytte då til Sauda. Nynorsken var likevel det målet han kjende seg heime i, og då han gjekk på gymnaset i Bergen, veksla han mellom bokmål og normalisert nynorsk, alt etter fag og kven han var saman med!
Austad nemnde også at på det praktiske teologistudiet vart det presisert at ei av salmene i ei gudsteneste skulle vere på nynorsk om kyrkjemålet var bokmål, og dette er noko Mållaget meiner at domkyrkja i Kristiansand bør prøve å gjennomføre.
Mållaget er elles glad for kontakten med domkyrkja og held fram samarbeidet alt i haust. Me har i vår fått invitasjon til å vere medarrangør på ein konsert fredag 19. september. Konserten er kalla "Eit meistermøte" der me får høyre Iver Kleive (orgel), Sigmund Groven (munnspel) og Sondre Bratland (kvedar).
Me oppmoder med dette alle målfolk om å møte opp i domkyrkja kl 19:00 19.09.2014.
Solveig Lima |