Haustprogrammet 2014
(30.06.2014) Mållaget kan i haust by på mange interessante program.
I september er Leiv Storesletten fyrst ute med foredrag om Niels Henrik Abel - geniet frå Agder. Dessutan samarbeider Mållaget med domkyrkja om ein konsert 20. september.: "Eit meistermøte" med Iver Kleive, Sigmund Groven og Sondre Bratland.
Kva Ivar Aasen og nynorsken har hatt å seie for nasjonsbygginga, kjem Ernst Håkon Jahr inn på i føredraget 11. nov.
14. oktober blir det ikkje føredrag, men paneldebatt med representantar frå NRK, Mediehøskulen på Gimlekollen, Fædrelandsvennen og HiOA.
På julemøtet vil Alf Holmelid snakke om nynorsk i næringslivet, men dette møtet er berre for medlemer. Kanskje ein god grunn til å melde seg inn?
August
Tysdag 26. Lyrikk
September
Tysdag 02. Styremøte
Tysdag 09. Lyrikk
Tysdag 16. Lagsmøte: Leiv Storesletten: "Niels Henrik Abel - geniet frå Agder"
Musikalsk innslag v/BUL-koret
Laurdag 20. Samarbeid med domkyrkja om OrgelPluss-konsert: «Eit meistermøte» med Iver Kleive, Sigmund Groven og Sondre Bratland. Ved å ta kontakt med styret i Mållaget, kan de få kjøpt billettar til 100 kr .
Tysdag 23. Lyrikk
Oktober
Tysdag 07. Styremøte
Tysdag 14. Lagsmøte: Paneldebatt om mediespråk med representantar frå HiOA, NRK, Fædrelandsvennen og Gimlekollen Mediasenter.
Tysdag 21. Lyrikk
Tysdag 28. Styremøte
November
Tysdag 04. Lyrikk
Tysdag 11. Lagsmøte: Ernst Håkon Jahr: "Ivar Aasens språkprosjekt som nasjonsbygging"Lagsmøte
Tysdag 18. Lyrikk
Tysdag 25. Styremøte
Desember
Tysdag 02. Julemøte: Alf Holmelid: Nynorsk i næringslivet (medlemsmøte) kl.19:
Alle lyrikkveldane byrjar kl. 18.30 og er opne for alle, både medlemer og ikkje-medlemer. Lagsmøta er sjølvsagt òg opne, med eitt unntak; julemøtet, som berre er for medlemer (og til nett det møtet er det påmelding). Dersom du har vener som er interesserte i dei sakene eller programma mållaget har, må du gjerne ta desse med på møta. Lurer du på noko? Send eit brev til Mållaget i Kr.sand, Pb. 617, 4665 Kr.sand, eller ein e-post til maalkrs@online.no.
|