FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Ivar Aaasens språkprosjekt som nasjonsbygging

 (14.11.2014)

Ernst Håkon Jahr heldt eit interessant og engasjerande føredrag om emnet i Mållaget tysdag 11. november. Mange kom for å høyre på, m.a. ein klasse frå Kvaderaturen vgs., som tykte føredraget var lett å fylgje med i. Det same høyrde ein frå publikum elles.

Jahr opna med å sitere ein politikar frå Hedmark som hadde uttalt at "Nynorsk produserer kriminalitet". Grunnen skulle då vere at så mange droppa ut av vidaregåande skule fordi dei måtte ha nynorsk! 

Kvifor har me hatt debatt om språket her i Noreg, men ikkje i grannelanda?, spurde han. Hadde Grunnlova vorte laga for 300 år sidan, hadde me ikkje hatt språkstrid, men brukt dansk, slo han fast. 

Ivar Aasen vart født i 1813, og i tida som fylgde kom det nasjonale i fokus. Heile nasjonsbyggingsprosjektet gjekk ut på kva som skal gjelde for å vere norsk. Dansk var eit anna lands språk, og eit land som nett er gått ut av ein union, må ha sitt eige språk! Aasen sa at overklassens talespråk i byane ikkje er norsk, men dansk. Det er bøndene som ber det nasjonale!  

Aasen hadde eit heilt spesielt talent for systematisering, og tok med seg både herbarium og sunnmøregrammatikk då han drog til biskop Neumann i Bergen i 1841. Biskopen var ikkje så interessert i plantesamlinga som Aasen kanskje hadde trudd, men i sunnmørsgammatikken. Biskopen sette Aasen i kontakt med Det Kongelige Norske Videnskaber Selskab i Trondheim som gav han reisestipend for å granske norske dialektar. Frå 1851, etter at det var slutt på stipendiet frå Trondheim, fekk han årleg stipend frå Stortinget, og Aasen vart dermed vår fyrste statsstipendiat!

På reisene kring i landet kom Jahr inn på opphaldet her i distriktet og kva Aasen meinte om det. Jahr siterte utsagn om Mandal: "en stygg by med dumme, nesevise folk", og Kristiansand: "en utmerket smukk by med rette og fine gater". I Kristiansand var han eit par dagar før han drog oppover Setesdalen til Valle, og i Valle fann han noko heilt anna enn i dei kystnære områda: Ein dialekt som likna mykje på gamalnorsk. 

Fyrste veka av januar 1845 vitja han presten Andreas Faye på Holt, og opphaldet her vart svært viktig for det vidare arbeidet. Etter Jahr si meining har det vore lagt altfor lite vekt på dette opphaldet i Aasen-biografiane. Aasen og Faye samtalte kvar dag i denne veka, og etterpå skreiv Aasen ned ein plan over det han ville gje ut, og den planen fylgde han. I 1848 kom Det norske Folkesprogs Grammatikk, i 1850 Ordbok over det norske Folkesprog og i 1853 forslag til norm gjennom Prøver af Landsmaalet i Norge. 

Jahr kom også inn på skilnaden mellom Knudsen og Aasen. Knudsen var pedagog og ville ha eit skriftspråk som fungerte greitt, medan Aasen såg sambandet mellom dei talte dialektane og norrønt, og han ville lage eit norsk språk ut frå det. Han meinte at ein måtte kome vekk frå dansketida og all påverkinga av danske og tyske ord. Greske og latinske ord gjorde ikkje noko, for det hadde ikkje noko med fordanskinga å gjere. 

På slutten av 1800-talet såg ingen for seg to norske språk, og rettskrivingane utover 1900-talet bygde på at ein etterkvart ville få eitt norsk språk. Slik har det ikkje gått, og då Odelstinget i 2002 gjorde vedtak om slutt på tilnærminga, var det slutt med samnorsken.

Eit lite fattig folk kunne ikkje ha greid å ha to språk, men Noreg i 2002 eit rikt land som har råd til to ulike skriftformer av språket. Det er mykje kulturelle verdiar på begge målformene. Mange undrast då Jahr meinte bokmål var "verneverdig", men han forklarte det nærare med at i internasjonal samanheng er det spesielt. Ikkje  noko anna land har laga sitt eige språk av eit anna lands språk.

Sjølvsagt høyrde Aasen-songar med på ein slik kveld, og Jan Bergs pianospel gjorde det lett og godt å synge med! 

 

 

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS