FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Julemøte i Mållaget 2. desember 2014

 (05.12.2014)

Ein svært triveleg førjulskveld i Mållagssalen også dette året sjølv om me var noko færre gjester denne gongen. Kvelden starta med Jakob Sandes julesong Det lyser i stille grender før me gav oss i kast med juletallerkenen. 

Føredragshaldaren, Alf Holmelid, som er frå heimstaden til Jakob Sande, kommenterte at kultur og tradisjon frå heimbygda har fylgt han heile livet, og nynorsk har difor alltid vore det naturlege språket. Med utgangspunkt i eiga erfaring heldt han eit levande og interessant føredrag over temaet: Nynorsk i næringslivet.

Holmelid fortalte at han aldri er blitt nekta å skrive på nynorsk, men strukturell tvang legg begrensing på nynorskbruken. T.d. ved fyrste jobben i Sintef, då han skulle levere ein rapport til ein sekretær, varte og rakk det før dei endeleg hadde funne ein som kunne skrive nynorsk. Fellesrapportar vert på bokmål, fordi ingen tilbyr seg å skrive på nynorsk. Det er han som må skrive på bokmål då, medan eigne rapportar alltid er på nynorsk. Etter omlegginga av datasystemet på UiA, er det iallfall førebels ingen nynorsk mal, og dermed vert bokmål brukt. Fagspråk på nynorsk fanst ikkje då han begynte å studere til ingeniør i Trondheim, men det er betring i dette ved at ein no har fått høgskule i Sogn og Fjorane med forkurs i ingeniørutdanning.

Betring for nynorsken i norske bedrifter finn i Kleven Maritim i Ulsteinvik ved at dei nyttar nynorsk eller enkelsk som fagspråk. Fleire bedriftar har også funne ut at reklame på nynorsk vert lagt merke til og er godt for salet. Likevel finn ein altfor mykje på bokmål sjølv i tidlegare kjernområde for nynorsken, t.d. i Bremanger. Ifylgje forfattaren Kristine Tofte, tykte folk at språket var meir sexy og kreativt når ho skreiv bloggen på nynorsk, så det er kanskje noko å tenkje på!

Eit fint pynta juletre var på plass då me kom, noko Borghild Løver hadde sytt for. Pianospelet til Lasse Stray var ledig og godt, så det vart verkeleg liv i songen og gangen rundt juletreet. Boksal var det også, og fleire gjekk heim med gode bøker til ein svært rimeleg pris. 

I kaffipausen dette året kom Svein Slettan med eit innslag om Alf Prøysen, og på ein lun og stillferdig måte fortalte han om Prøysen før han avslutta med å lese fyrste stubben i Onger er rareJuleglans og innmatkake. Utruleg bra framført av ein som sjølv ikkje snakkar Hedmarksdialekt. 

Alle frammøtte, dei som underheldt og dei som hadde ordna det praktiske var med på å gjere dette til ein svært fin kveld.

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS