FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Nynorsklesing på Hånes mars 2015

 (11.03.2015)

Etter presentasjonen og val av bøker var unnagjort, var elevane raske til å finne seg plass og starte lesinga. Dei fleste av bøkene var ukjende for dei, og det gjorde det kanskje ekstra spennande!

Dette året er det kjøpt inn fleire ungdomsbøker, og det blir interessant å sjå om dei vel nokre av desse. Er spenningsserien til Magnhild Bruheim om Bente og Kami noko for sjuandeklassingar?

Eller boka til Aina Basso: Inn i elden? Denne boka bygger på rettsprotokollar frå Finnmark på slutten av 1600-talet om heksebrenninga. Ein får innblikk i samfunnet både gjennom den fattige Elen, dotter til ei "trollkvinne" og den unge, velståande Dorethe frå København som vert gift med ein mykje eldre mann. Han får jobb i Vardø og er aktiv med i heksebrenninga.

Dei fire bøkene i serien om Drakeguten av Asbjørn Rydland er også med. Det er ein fantasyserie, og temaene forfattaren tek opp, er velkjende. Er mennesket alltid den det gir seg ut for? Brotsverk for vinnings skuld, solidaritet, krig og kamp for rettferd er tema som er like aktuelle no som det er i miljøet og tida Drakeguten lever i.

Det såg ut til at fleire valde biletbøker, og dersom ein skal lese nynorsk for fyrste gong, er det ein fin måte å starte på.

         

 

 

 

 

 

 

 

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS