FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Tema for mållagsmøtet 17.mars: Namn

 (19.03.2015)

For litt over 30 tilhøyrarar heldt professor ved UiA, Gudlaug Nedrelid, eit interessant og lærerikt føredrag om namn i Noreg:  "Namnerenessansen. Om norske personnamn"

På biletet syner ho fram Ivar Aasens bok frå 1878: Norsk Navnebog eller samling av Mandsnavne og Kvinnenavne. Denne kom ut som svar på ynskje i tida om å rette opp "skavankar" og utvokstrar i namneskikken som hadde utvikla seg utover 1800-talet.

Namneskikken var i endring på den tida. T.d. vart det laga kvinnenamn av mannsnamn slik at Wilhelm kunne bli Wilhelmine. Korte namn vart også mykje brukt. Eilert Sundt meinte slike påfunn var ein uskikk og tok til orde for at nokon burde utarbeide eit register med 10 eller 20 000 "sømmelige" ord.  Nordiske namn var det mest "tækkelige" og passa best i Noreg. Aasen hadde t.d. forslag om å bruke Bjørn istf. Bernt, Magnhild istf. Marit. Namneboka han gav ut i 1878 var meint å vere ei rettleiing når barnet skulle døypast.

Kristoffer Kruken, professor i nordisk ved UiO har gjort boka til Ivar Aasen meir tilgjengeleg ved at han i 1997 gav ho ut på nytt saman med professor i norsk språk, Terje Aarset.

I 2004 var det eit nordisk symposium på Dømmesmoen, der fleire professorar frå dei nordiske landa var samla for å drøfte den nordiske namnerenessansen. Rapport frå denne konferansen er publisert som nr 116 i skriftserien frå UiA.

Folketeljinga frå 1801 viser at mellom dei 15 mest brukte førenamna var gamle nordiske namn som Ola, Eirik, Knut, Halvor, Ingeborg, Sigri, Inger og Gunnhild. Ola var det mest populære av alle mannsnamna. Når det gjeld kvinnenamna, var fleire nordiske former av kyrkjelege namn på topp. Anne var det mest populære. Mykje brukte kyrkjenamn elles var Anders, Per, Hans, Lars, Nils, Jon, Kari, Berte, Marte, Eli og Kristina.

I Dømmesmo-rapporten vert det peikt på at skikken med å bruke gamle nordiske namn i høg grad vart halde oppe i Telemark og Agder utover på 1800-talet. Her var det også som elles i landet vanleg å kalle opp dei eldste etter besteforeldra, medan dei yngste kunne få heilt andre namn, t.d. Vidar, Sverre, Gudrun.

Dei mest brukte namna i dag er dei korte namna Jan, Per, Bjørn, Ole, Anne, Inger, Liv og Kari. Grunnen er at dei ofte vert brukt i dobbeltnamn, t.d. Per Inge.

Namneskikkar går i bølgedalar, og i 2014 var Nora, Emma, Sofie, Maja, Markus, Aksel, Magnus og Filip populære. Foreldra står no svært fritt til å velje namn. Dersom ein er interessert i å vite meir om namn og kor mykje dei er brukt, kan ein søke på namnestatisstikken i statistisk sentralbyrå: http://www.ssb.no/navn/

Sjølvsagt måtte det syngast denne kvelden, og kva var vel meir naturleg enn å finne fram gamle folkeviser som Anne Knutsdotter, Håvard Hedde, Ola Glomstulen og Per Spelmann? Pianospel til songane sytte Jan Berg for, og dette var med og gav ei svært god stemning i salen.

 

 

 

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS