FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Nynorske barnesongar utgjevne av ARR, Kristiansand

 (23.03.2015)

ARR er eit nystifta plateselskap ved Abup, Sørlandet sykehus.

Mållaget i Kristiansand hadde fått innbyding og var til stades i Abup Road Studio 20. mars under lanseringa av dei tre fyrste ut ugjevingane frå Abup Road Records.

Odd Volden, initiativtakar til ARR, har laga melodi til omlag 50 nynorske dikt av kjende vestlandsforfattarar, t. d. av Einar Økland, Ingvar Moe og Per Olav Kaldestad, så kanskje det blir fleire nynorske utgjevingar seinare.

Med mor frå Lindås og oppvekst i Sandnes, fann Volden tidleg fram til tekster av forfattarar frå området midt imellom desse stadene, og han vil gjerne vere med og spreie nynorsk, noko me i mållaget set pris på.

Å sette melodi til dikt var noko Odd Volden har drive på med svært lenge, men då han skulle lese frå Den store dikt- og regleboka for sonen på 6 år, såg han kor mykje enklare det var å synge enn å lese, og han begynte å systematisere dette arbeidet.

Av dei tre fyrste utgjevingane var berre ein av CD'ane på nynorsk: Den nye guten i gata, men det var gode tekster og fengande melodiar som ein kan vone at mange born vil like å høyre og like å synge. Det var gruppa "Gode Høns" som stod bak denne.

 

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS