FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Nynorsk på timeplanen på Lovisenlund

 (17.04.2015)

Rett over påske i år var det klart igjen for nynorsklesing for 5. trinn på Lovisenlund skole.

54 elevar i lyttekroken gjekk utruleg bra, så her er godt innarbeidde arbeidsvanar med konsentrerte elevar. Dei fylgde godt med då eg presenterte eit lite utval av bøkene, og dei var ivrige etter å låne då eg var ferdig.

Desse jentene har nettopp funne seg kvar si bok. Vil det vere noko dei vil like, tru?

 

Etter ei veke med nynorsklesing var eg innom klassen igjen for å ta fleire bilete. Det var ein svært hyggeleg gjeng som no var godt i gang med lesinga.

Etterkvart som dei var ferdige med ei bok, gjekk dei til ein av lærarane for å prate om det dei hadde lese. Eg høyrde ingen som tykte nynorsk var vanskeleg, men av og til kunne det vere ord dei ikkje forstod.

 

 

Bøker med illustrasjonar er alltid populære, og mange hadde valt biletbøker med både mykje tekst og lite tekst.

 

 

  

Flekkmonsteret bygger harefelle er skriven av Hallgeir og Vetle Opedal og illustrert av Per Dybvig. Her er mange sprø innfall som sikkert forfattaren Vetle på 6 -7 år har funne på.

Per Dybvigs illustrasjonar gjer boka til ei morosam leseoppleving, noko også eleven på biletet meiner. Lydboka som høyrer til, er svært bra å lytte til ved at ein då høyrer nynorsk og ikkje berre les det.

 

Desse jentene har funne spennings/fantasy-bøker, og då eg snakka med dei, høyrdest dei ut til å vere fornøgde med valet. Lene Kaaberbøls Villheks-serie har fått mange lesarar.

 

Andre hadde funne fotballbøker, og særleg var serien om Knoterud FK av Lars Mæhle populær.

Nokre las oså Historier frå krigen av Harald Skjønsberg, ei aktuell bok i desse dagar då det 75 år sidan krigen braut ut.

Eg hadde med fleire bøker av Egil Hyldmo om rovdyr i Noreg, men dei såg eg ingen som las i, og dei er heller ikkje heilt lett tilgjengeleg p.g.a. mykje tekst. Men dei har flotte bilete og illustrasjonar.

Elevane får leselekse i nynorskbøker i perioden, og dei skal også skrive bokomtale. Mållaget er glad for å kunne låne ut desse bøkene, men er avhengig av at leiinga ved skulen prioriterer nynorsk, og at det er interesserte lærarar og skulebibliotekarar på skulen.

 

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS