FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Kransnedlegging ved bysta til Jørgen Løvland

 (19.05.2015)

Jørgen Løvland vart også dette året æra ved at Kjellaug Kvalsvik frå styret i Mållaget heldt tale og la ned krans.

Ho trekte m.a. fram den sindige bondesonen frå Lauvland i Evje som i 1905 vart statsminister i Stockholm og hadde dei vanskelege tingingane med svenskekongen. Christian Michelsen var ein handlingens mann, medan Løvland den tenksame. Dei to arbeidde godt saman, og etter Stortinget 7. juni vedtok at Oscar 2. ikkje lenger kunne vere norsk konge, var det Løvland som deltok i Karlstadforhandlingane. Han meinte at Noreg for all del måtte unngå krig, og det lukkast han med.

Då Løvland kom inn på Stortinget i1913, tok han til å bruke landsmålet både i tale og skrift, og han var den fyrste stortingspresidenten som brukte landsmålet frå talarstolen.

Som kyrkje-og undervisningsminister fekk han gjennomført rettskrivingsnormalen frå 1917. Jørgen Løvland døydde i Kristiania i 1922, to år etter han gjekk av som kyrkje-og undervisningsminister.

 

Det var Bjug Åkre i Mållaget i Kristiansand som i 2012 tok kontakt med 17. mai-komiteen og bad om at Jørgen Løvland kvart år måtte bli minna med tale og kransnedlegging 17. mai. Slik har det vorte, og det var Bjug som starta tradisjonen i 2012.

I 2013 var det Sylfest Lomheim, UiA, som heldt talen og la ned krans, i 2014 Ernst Håkon Jahr, også UiA, og i år var det altså Kjellaug frå styret i Mållaget som tok på seg denne oppgåva.

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS