FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Samarbeid mellom Kristiansand folkebibliotek og Mållaget

 (18.10.2015)

 

 

 

 

 

 

 

I samband med at Aina Basso heldt føredrag om forfattarskapet sitt i Mållaget om kvelden tysdag 13. oktober, fekk vidaregåande skular i Kristiansand tilbod om forfattarbesøk dagen etter.

Det var Kristiansand folkebibliotek og Mållaget i Kristiansand som gav tilbodet, men forfattaren hadde berre høve til å ta to oppdrag. Det var eit populært tilbod, og Vågsbygd og Kvaderaturen var fyrst ute med å melde seg på.

Aina Basso var svært interessant å høyre på, og ho kommuniserte godt med elevane. Ho fortalde at ho alltid hadde likt å skrive, og i vidaregåande skule fekk ho ein lærar som såg henne og fekk henne på kurs i Oslo i regi av Samlaget. Men det blei ikkje noko av særleg sving på skrivinga før ho begynte å studere historie i Trondheim.

Elevane var flinke til å stille spørsmål slik at det vart god dialog. Dette var sjølvsagt lettast i den minste gruppa med berre ca 20 elevar, men også i den store gruppa på 50-60 elevar var dei flinke til å ta ordet. Dei fekk vite at ho opprinneleg ikkje hadde tenkt å bli forfattar, men kanskje heller musikar eller arkeolog.

Idear til bøker dukkar gjerne opp om natta, fortalde ho, og det kunne ta opp til to år å skrive ferdig ei bok. No er ho så heldig som har forfattarstipend, så ho kan konsentrere seg om skrivinga.

Grunnen til at fyrste boka hennar blei lagt til 1700-talet hadde med studiet å gjere. For å bli arkeolog, måtte ho ta historie, og ho blei svært interessert i mellomalderen og livet til enkeltmenneska. Det var slitsamt å lære seg gotisk skrift, men det måtte ho kunne for å lese i dei gamle dokumenta. Ho undersøkte kven som sat inne på tukthuset, og ho såg at dei ikkje hadde gjort noko gale. Unge jenter vart dømde berre for at dei var tatarar - eller for blodskam.

Ho fortalde mykje om hekseprosessane i protestantiske land, og at det var stort sett var kvinner som vart dømde for hekseri, eller trolldom som det vart kalla. Mellom 1580 og 1640 vart 300 personar henretta for trolldom i Noreg, og 1/3 av desse var i Finnmark. Boka Inn i elden handlar om dette, og det er ei spennande bok sett frå ståstaden til Elen, dotter til ei "klok kone", og Dorothe, ei rikmannsdotter frå København som vart gift med futen i Vardødistriktet.

Det såg ut til at både elevar og lærarar tykte det var eit fint opplegg som gav dei meir kunnskap om 16 -1700-talet og korleis det var å høyre til dei som stod nederst i samfunnet.

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS