Innkjøp av bokpakkar frå Samlaget
Samlaget kom i vår med tilbod om ein bokpakke til 900 kr. Denne bokpakken var berekna for dei minste, men biletbøker med lite tekst - og gjerne humor- fungerer svært bra også for større elevar.
Styret i Mållaget vedtok å kome med tilbod til barnehagar som har vore positive til å bruke nynorske bøker: Bergtorasvei, Eplehagen, Ravnedalen, Kløverhagen, Tinnstua og Strømme barnehagar.
Karuss skole og Øvre Slettheia skole har me tidlegare vore i kontakt med, og dei fekk også tilbodet - noko dei takka ja til.
|