FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Nynorsk på Hånes

 (18.01.2016)

7. klasse skal no lese nynorske bøker i tre veker. Alle var ivrige etter å låne då eg var ferdig med presentasjonen i dag.

Som læraren hadde nemnd tidlegare, så er ikkje nynorsk vanskeleg når ein bare har kome i gang med boka og kjem inn i språket.

Nokre starta med bøker med mykje tekst med ein gong, medan andre tykte biletbøkene var ein fin start.

Egil Hyldmo har skrive fleire bøker om norske rovdyr, og desse er ei blanding av fakta og fiksjon. Svært lærerike!

Ei slik blanding er også desse bøkene: "Ida", om eit 47 mill år gamalt fossil frå Tyskland og "Monsterøglene på Svalbard" ved Jørn Hurum og Torstein Helleve.

Skjønnlitterære bøker som bygger på fakta er det fleire som likar: "Inn i elden" av Aina Basso om hekseprosessane i Noreg på 1600-talet, "Rosas buss" av Fabrizio Silei om rasisme i USA og "Eg var der. Historier vi ikkje må gløyme" av Gudrun Pausevang om livet til vanlege tyskarar i Hitler-tida.

Sjølvsagt var det med fotballbøker: Knoterud-serien til Lars Mæhle for dei som likar humor og ikkje tek fotball heilt alvorleg. Dessutan hestebøker i serien om Elise av Anne Viken. Elise er med veterinæronkelen på arbeid, men kjem stadig opp i mystiske hendingar i samband med dyra.

Ein av elevane vil gå i gang med fantasiboka til Asbjørn Rydland: Drakeguten, ei spennande, tjukk bok.

Om tre veker skal bøkene hentast, og det er alltid interessant å sjå kva bøker som slår an i dei ulike klassane.

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS