FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Folk og folkehumor frå Setesdal og indre bygder

 (21.01.2016)

Sigurd Haugsgjerd, redaktør i Setesdølen, var tysdag 19. januar i Mållaget med kåseri. Han snakka om dei nærare førti åra han har budd i Setesdal.

Om lag 50 godt vaksne trassa kulde og vinterver og kom for å høyre på han.

Han fekk straks liv i salen med morosame anekdotar frå det verkelege livet, som han sa. Livet kan vere alvorstungt, men evna til å kunne gle seg og sjå det positive, gjer livet verd å leve!

Haugsgjerd voks opp på Snartemo i Hægebostad, ei bygd mellom dei to lengste tunnelane på Sørlandsbanen. Her var eit konglomerat av ulike kulturar. På grunn av jernbaneutbygginga kom det mykje anleggsfolk til bygda. Lars Oftedal var prest der ei stund, og han var overgitt over kor mykje "fyll og usømeleg framferd" det var der.

Også frå tida i redaksjonen til Gula Tidend i Bergen hadde Haugsgjerd mange historier. Per Håland var redaktør på den tida, ein fargerik person og ihuga nynorskmann: "Vekk med substantiva og bruk verb" var noko av lærdomen derifrå.

Haugsgjerd har no vore redaktør i 40 år av dei 41 år som Setesdølen har eksistert. Han har sjølvsagt budd i Setesdal og kjenner folk og folkeliv i dalen godt. Siste delen av kåseriet var derifrå, og han drog fram mange humørfylte minne, m.a. om røykfylte kommunelokale i Valle og folk som skulle fotograferast: "take seg av" som dei sa. Kjente og markante personar frå dalen vart sitert, og det heile var svært levande og godt framført, noko som inspirerte til artige innlegg frå salen.

Det er alltid gildt med nynorske songar, gjerne folkeviser, ikkje minst når ein har godt pianoakkompagnement, og det sytte Lasse Stray for. I samband med at Håvard Hedde vart sungen, kom Sylfest Lomheim med fakta om denne personen som levde på slutten av 1700-talet i Valle.

Denne kunnskapen var det også ein annan frå Setesdal som sat på. Han heitte sjølv Helle (Hedde), og han var mellom dei som hadde historier å fortelje.

Den munnlege forteljinga stod verkeleg i høgsetet denne kvelden!

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS