Nynorsk på Strømme skole
(09.02.2016) Det er inspirerande når både elevar og lærarar syner interesse for nynorskbøkene Mållaget har, og også på Strømme vart eg teke vel imot.
Kontaktlæraren i norsk på 7. trinn hade hjelpt til med å stille ut bøkene i klasseromet. Sjølve presentasjonen var i romet ved sida av, og også der vart bøker stilt ut.
Då det var friminutt, var det fleire som stoppa opp ved bøkene og lurte på om dei kunne låne med ein gong.
Som vanleg er det rikt utval av bøker, frå biletbøker med lite tekst, men ofte med humoristiske teikningar, til bøker på fleire hundre sider utan illustrasjon i det heile.
Alle skulle få velje bok i løpet av dagen. Norsklæraren er også skulebibliotekar, så ho var godt kjend med fleire av bøkene, og nokre hadde dei også på biblioteket.
Sidan det er vinterferie om 14 dagar, får dei ei ekstra veke til å lese på før eg hentar dei 4. mars. Det er alltid spennande å treffe elevane igjen etter ein slik leseperiode og høyre kva dei synest om bøkene og lese bokomtalane deira.
Solveig Lima |