FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Nynorsk leseprosjekt på Iveland skule

 (08.03.2016)

 

 

 

 

 

 

 

Alt låg vel til rette då eg om morgonen 7. mars kom med nynorskbøkene. Kontaktlæraren for 7. klasse, Lillian Loka, hadde laga ferdig eit bord med duk over slik at bøkene vart stilt ut i ulik høgde. Svært bra!

Rektor tok ein tur innom og ynskte velkomen til Iveland skule og meinte det var positivt med nynorsk. Sjølv om det er ei bygd fleire mil frå byen, er det bokmål  som er opplæringsmålet i skulen.

Det var berre 11 elevar i klassen, og alle samla seg i ring kring bokbordet då eg fortalde om bøkene. Ein ivrig og konsentrert gjeng der nokre var så opptekne av kva for ei bok dei skulle låne, at dei hadde ikkje tid til friminutt ein gong!

Det var tydeleg klassen hadde lese lese mykje tidlegare, og nokre av jentene gjekk rett på tjukke bøker som "Rekrutten" og "Mitt bankande hjarte".

Rekrutten er ei spennande ungdomsbok, den fyrste i Cherub-serien, og ho er omsett frå engelsk. Handlinga går difor føre seg i London.

Forfattaren til Mitt bankande hjarte, Alf Kjetil Walgermo, er norsk, og i denne ungdomsboka skriv han om Amanda som er forelska, men også har medfødt hjartefeil.

Dei får låne bøkene fram til 8. april, slik at dei som vil også kan bruke påskeferien til lesing!

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS