FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Nynorsk opplesing i Kløvergården barnehage

 (11.03.2016)

Onsdag 9. mars var Mållaget klar med nynorske biletbøker som me skulle lese for dei største i barnehagen.

Det var små grupper slik at det vart god kontakt. Borna var svært ivrige tilhøyrarar, og ville gjerne ha meir lesing.

 

Me var i to avdelingar: Fyrst i Munkelusa, der me vart godt mottekne av pedagogisk leiar, Renate Ekran Foshaug, og etter ein god halvtime gjekk me opp trappa til Marihøna. Der sat dei også klar og venta på oss.

Bøkene om dei to menneskleggjorde sauene Bø og Bæ er alltid populære. Kanskje det kjem av at dokkene som er laga til bøkene, er fine å halde i og leike med. Dessutan er det ofte eit tørrvittig innhald i dei, noko som er morosamt for den vaksne lesaren også.

Biletboka av Akin Duzakin: Kom til Lukas er også ei fin opplesingsbok. Der blir det alltid god kommunikasjon med borna når dei skal gisse korleis dei ulike gjestene kom fram til fødselsdagsselskapet. Me fekk også presisert at "fødselsdag" er det same som "bursdag".

Me hadde med 15-20 biletbøker, og etter opplesinga var dei svært ivrige på å sitje og bla i desse.

Kløvergården barnehage ligg i sentrum av Kristiansand i ein stor, gammal murbygning. Det er små, men trivelege rom inne, og jamen har dei ein romsleg uteplass også. Tidlegare har barnehagen fått to ulike bokpakkar frå Mållaget, og styraren, Kirsti Tellefsen, har vore svært positiv til tilbodet.

Dei sette stor pris på at Mållaget kunne stille med opplesarar, så dette må me prøve å få til meir av.

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS