FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Kristin Fridtun på Kristiansand Folkebibliotek: "Veit du kva du snakkar om?"

 (16.03.2016)

Lagsmøtet tysdag 15. mars vart denne gongen halde i biblioteket, ein svært høveleg plass for å ha møte med forfattar og språkforskar Kristin Fridtun.

Språkgledeprisen gjekk i 2016 til nettopp Kristin Fridtun! Prisen skal gå til ein person som spreier språkglede og skapar begeistring, og det gjorde sanneleg kåseriet hennar på biblioteket.

Terje Meland, sjølv født i Hardanger, starta kvelden med å lese dikt av Olav H. Hauge, nynorsk dikt på Harald Heide Steen sin måte og avslutta med ei vise om "eplesider-kulturen" i Hardanger som han sjølv hadde laga teksten til og akkompagnerte på gitar.

Kristin Fridtun byrja i 2009 med ei fast språkspalte i vekeavisa Dag og Tid, men det tok om lag eit halvår før hen kom fram til ein god måte å gjere det på. Det vart vanskeleg å finne emne, men ein dag på lesesalen i Trondheim medan hen på måfå søkte i nynorskordboka, dukka plutseleg ordet "fot" opp: "Ei skilsetjande oppleving", sa hen med eit smil!

Foten er ein verdfull lekamsdel. Det gjeld "å halde seg på føtene", noko som kan tolkast både bokstavleg og biletleg. I språkspalta vart det heretter brukt eit vanleg ord og gjerne namn på ein kroppsdel, for dei dukkar opp heile tida. På alle språk er ord rare når ein ser nærare på dei: T.d. ordet muskel, som kjem frå latin og eigentleg tydar lita mus. Det er som å sjå ordet på nytt når det vert teken ut av samanhengen, og det er denne typen underleggjering som får ein til å le og kose seg med tekstene hennar.

Stor kunnskap og energi prega kåseriet til Kristin Fridtun. Noko som gjorde det ekstra interesssant, er at hen alltid viser til opphavet av orda og dessutan korleis ordet vart brukt i norrøn tid. Mange av orda har latinsk opphav.

Kristin Fridtun avslutta med opplesing om ordet spy frå boka: Norsk etymologisk oppkok. Du veit ikkje kva du snakkar om. Hen er ein framifrå kåsør og opplesar med mykje humor og språkglede, og etter kåseriet gjekk dei fleste ut med ei kjensle av ein god kveld. Ein hadde fått noko å le av samstundes som ein vart merksam på orda ein bruker utan å tenkje så mykje over dei!

Etter kåseriet var det spørsmål om nynorskens stilling, og hen har vore i fleire ungdomsskuleklassar og snakka om språk. Hen har til og med eit eige språkopplæringsprogram, Nynorsk med Kristin,  som er lagt ut på You Tube, og som hen har fått god respons på.

Me var om lag 30 - 40 personar; fleire me ikkje har sett på Mållaget tidlegare, og sanneleg vart det to nye medlemer også.

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS