FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Kristin Sørsdal i Mållaget 19. april

 (20.04.2016)

 

 

 

 

 

 

 

 

"Elena Ferrante - den eventyrlege reisa bak ein eventyrleg og gåtefull boksuksess"

Det var eit svært interessant møte med den engasjerte forfattaren og omsetjaren Kristin Sørsdal. På ein levande og naturleg måte fekk ho fram det krevjande arbeidet med å omsetje bøker.

Sidan ho er sørlending, født i Arendal, var det ikkje sjølvsagt at nynorsk var det språket ho skulle velje å skrive på. Men ho kom til at ord og seiemåtar på nynorsk passar godt med dialekten hennar.

Ein som var med på og gje kvelden eit ekstra lyft, var Andrea Maini, musikar, født i Italia og no leiar i Vegårdshei Mållag. Med nydeleg framført cembalospel, ein napolitansk dans frå 1500-talet, sette han oss i "Italia-stemning" før Kristin Sørsdal starta føredraget sitt. Ho peika på at berre ein Ferrante-omsetjar er så heldig å kome i sentrum. Namnet til ein omsetjar står gjerne med lita skrift, få veit noko om personen, og oftast er det ei kvinne!

Ein omsetjar skal overfører stemma til forfattaren, og det er ein tidkrevjande prosess - til å gå seg vill i. Bøkene vert gjerne lese 6 - 7 gonger, setningar utprøvd, for orda må heile tida vere forfattarens.

Då Elena Ferrante gav ut debutboka frå eit brutalt miljø i Napoli i 1992, ville ho vere anonym og ikkje ha fotografi av seg på omslaget. Det vart då stilt kring henne i 20 år før ho i 2008 vart "funnen" takka vere intens leiting. Amerikanske og engelske forlag får auga opp for skildringa av dette nådelause og tøffe miljøet i Napoli.

Sørsdal fortalde om eit mangeårig nært forhold til Italia og italiensk språk. Då eit par venninner nemnde at ho burde lese Elena Ferrante, tente ho straks på historia. Det var frå eit miljø ho hadde litt kjennskap til frå tidlegare, og ho sa opp jobben som lærar i Bergen hausten 2014 for å dra til Napoli igjen.

I bøkene til Ferrante er ingen replikkar skrivne på Napolidialekt, og det er difor heller ikkje dialekt i omsetjinga. "Dialektane i byen har alltid skremt meg", seier Ferrante. "Dialekten skitnar til tankane".

Sørsdal held no på med å omsetje bok nr 4 i Napolikvartetten, og ho har gjort eit flott arbeid med den gode nynorskomsetjinga. Målprisen 2016 som var delt ut på landsmøtet i Mållaget no i april er vel fortent. Svært mange les bøkene utan å tenkje over at det er nynorsk dei les. For å seie det med leiaren i Noregs Mållag under prisutdelinga: "Nynorsken treng flaggskip og prisvinnaren har gjeve oss eit".

Det var eit flott instrument Maini hadde frakta med seg. Cembaloen er ein kopi frå 1500-talet som er bygd i Sandefjord for få år sidan.

Etter matpausen underheldt han oss med fleire ulike stykke. Ein melodi fekk ein lyst til å danse etter, medan andre var gode å lytte til, mest som lyarslåttar frå Setesdal! 

Det er sjeldan med så mykje folk på eit lagsmøte i Mållaget, over 60. For mange av desse var det fyrste gongen dei var på mållagsmøte, men ein kan vone det gjev meirsmak!

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS