FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Haustprogrammet i Mållaget 2016

 (18.05.2016)

Alle lyrikkveldane byrjar kl. 18.30 og er opne for alle, både medlemer og ikkje-medlemer.

Lagsmøta er sjølvsagt òg opne for alle, og desse tek til kl 19.00. Fyrst ute er folkemusikar Sigrid Kjetilsdotter Jore. "Brurehesten" er debutplata hennar, og ho halde eit kåseri med musikalske innslag om prosessen ved å lage ei slik plate.

Journalist og forfattar Sigrun Slapgard kjem i oktober og fortel om forfattarskapen sin. 

Litt spesielt denne hausten er at det onsdag 9. november er det samarbeid med Folkeakademiet, BUL og Kr.sand Spel-og Dansarlag i høve konserten med Raabygg. Raabygg består av tre unge kvinner som livnærer seg som frilans folkemusikarar: Johanne Flottorp, Sigrid Kjetilsdotter Jore og Tuva Færden.

Til det andre programmet i november kjem språkprofessor Rolf Theil med føredraget: Noregs største språk -  bokmål eller nynorsk?

Alle er velkomne til julemøtet, men der er det påmelding. Dette året er det Harald Sødal som kåserer og speler piano.

August

Tysdag 30. Styremøte

September

Tysdag 06. Lyrikk

Tysdag 13. Lagsmøte kl 19: «Brurehesten». Folkemusikar Sigrid Kjetilsdotter Jore presenterer gløymde songskattar

Tysdag 20. Lyrikk

Tysdag 27. Styremøte

Oktober

Tysdag 04. Haustferie

Tysdag 11. Lyrikk

Tysdag 18. Lagsmøte kl 19: Journalist og forfattar Sigrun Slapgard fortel om forfattarskapen sin.

Tysdag 25. Styremøte

November

Tysdag 01. Lyrikk

Onsdag 09. Konsert med Raabygg. Eit samarbeid med BUL, Kristiansand Spel-og Dansarlag og Folkeakademiet.

Tysdag 15. Lyrikk

Tysdag 22. Lagsmøte kl 19: Professor Rolf Theil: «Noregs største språk – bokmål eller nynorsk»

Tysdag 29. Styremøte

Desember

Tysdag 06. Lyrikk

Tysdag 13. Julemøte kl.19: Harald Sødal kåserer og musiserer.

 

Ein kort presentasjon av føredragshaldarane i haustprogrammet 2016

13.09. Sigrid Kjetilsdotter Jore: «Brurehesten»

Sigrid Kjetilsdotter Jore, f. 1987 i Valle i Setesdal, er A-klassekvedar, og har hatt Kirsten Bråten Berg, Ingebjørg Vegestog Homme, Birgit Rike Lund og Øyonn Groven Myhren som læremeistarar. Utdanninga si har ho frå Ole Bull akademiet på Voss og Noregs musikkhøgskole i Oslo. Ho er den fyrste frå Agder med bachelorgrad i utøvande folkemusikk frå NMH.

I april 2016 gav ho ut plata: «Brurehesten». «På vegen mot bryllaup og eit godt ekteskap kunne det vere mykje du måtte kjempe mot:, gamlekjærastar, kanskje viljen til dine eigne eller din utkåra sine foreldre, lagnaden og vonde makter. Tida før du skulle gifte deg var ei skummel tid, og det var mykje som kunne gå gale.»

Dette er tema debutplata til Sigrid Kjetilsdotter Jore krinsar kring, og heile vegen er hesten sentral. Men plata har eit tema til: det bortgløymde vokalmaterialet frå Setesdal!

Ho kjem til oss og fortel om prosessen ved å lage ei slik plate- frå noter på papir til levande song, og det å gå ned i djupna i tru og overtru kring bryllaup- og hesten! Sigrid serverer sjølvsagt frå det ho har spelt inn, og sper på med litt seljefløyte og munnharpespeling.

18.10. Sigrun Slapgard fortel om forfattarskapen sin

Journalist og forfattar Sigrun Slapgard er fødd i Hemsedal i 1953 og voks opp i Gudbrandsdalen. Ho vart cand.mag. ved Universitetet i Oslo i 1980 med fagkrinsen spansk, sosiologi og allmenn litteraturkunnskap. I perioden 1977–1981 arbeidde ho som frilansjournalist. Ho vart tilsett i NRK i 1988, der ho arbeider som journalist og utanriksmedarbeidar. Ho har vore programleiar i Redaksjon 21 og Utanriksmagasinet, og har redigert TV-dokumentarar frå mellom anna krigssoner i Midtausten.

Slapgard nyttar begge målformene. Ho gav i 2002 ut biografien om Lise Lindbæk Krigens penn og i 2007 biografien Sigrid Undset Dikterdronningen. Ho fekk Nynorsk litteraturpris i 2013 for romanen Englestien som er ei frittståande oppfylging av Paradishagen frå 2011.

Onsdag 9.11. Konsert med Raabygg

Raabygg består av tre unge kvinner: Johanne Flottorp, Sigrid Kjetilsdotter Jore og Tuva Færden

som livnærer seg som frilans folkemusikarar. Dei har kjent kvarandre lenge, men starta å spele saman som studentar på Noregs musikkhøgskule i 2013.

Dei er alle tre særs aktive på den norske folkemusikkscena. Ved sida av Raabygg har dei fleire bandprosjekt, og alle tre markerer seg også sterkt som soloutøvarar.

Kjernerepetoaret til Raabygg er folkemusikk frå Råbyggelaget, ei gammal nemning for dei indre bygdene på Agder.

22.11. Rolf Theil: «Noregs største språk – bokmål eller nynorsk?»

Rolf Theil, fødd 1946 i Porsgrunn, er professor i lingvistikk ved UiO. I føredraget denne kvelden vil han sjå nærare på bokmålet, som mange oppfattar som den «vanlege norsken». Ein høyrer ofte folk snakke om «norsk og nynorsk». Bokmålet har ei uvanleg historie og er eit spesielt språk både i norsk og internasjonal samanheng. Reint språkvitenskapleg kan ein spørje om bokmålet i det heile kan kallast ein variant av det norske språket, seier Rolf Theil

Han er kjent for å vere svært språkkunnig og kan om lag 50 språk. Han var leiar i Landslaget for språklig samling frå 1987 til 1989, og han har vore språkspaltist i Klassekampen og VG.

13.12. Harald Sødal: Kåseri.

Harald Sødal er født i 1938 i Kristiansand. Han har arbeidd som lærar og har i nærare 50 år vore med i kommunestyret for KrF; i fire periodar var han varaordførar. Han er ein kjent person i lokalmiljøet, både som politikar og ivrig amatørmusikar og korleiar.

Då han 26. august 2015 var blant dei 4 fyrste som fekk utdelt Kristiansand bys heidersmedalje, sa jurien at han fekk medalja for innsatsen i politikk og frivillig arbeid og «Han passer på at byens historie aldri glemmes når det skal tas stilling til dagens og fremtidens utfordringer».

Styret
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS