FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Møte med Sigrun Slapgard 18.10.16.

 (19.10.2016)

Eit interessant møte med journalisten og forfattaren Sigrun Slapgard denne tysdagen!

Ho fortalde at ho vaks opp på Vinstra, og at dialekten hennar var eit  godt grunnlag for å snakke normalisert nynorsk i NRK då ho byrja som journalist der. I NRK vart ho utanriksmedarbeidar, og det gjorde at ho reiste mykje, m.a. i Latin-Amerika. Der intervjua ho menneske med livshistorier  som ikkje har sleppt tak i henne.

Då ho var yngre, tenkte ho at forfattar slik farfaren var, skulle ho i alle fall ikkje bli. Men slik gjekk det ikkje.

I den fyrste biografien ho gav ut, Krigens penn. Ein biografi om Lise Lindbæk (2002), vart me kjent med den uredde krigskorrespondenten Lise Lindbæk som drog til fronten og skreiv heim frå borgarkrigen i Spania. Denne boka fekk ho Melsomprisen for i 2003.

Frå Slapgard var berre 12-13 år gamal, hadde bøkene til Sigrid Undset gjort inntrykk på henne. Kransen var fyrste "vaksenboka" ho las. Tordis Ørjasæter gav på nitti-talet ut biografiar om Sigrid Undset og  desse las ho med stor interesse, men kanskje kunne opphaldet til Undset i Amerika under krigen granskast nærare? Slapgard fekk oppmuntring frå sjefen i Gyldendal, og då var det bare å gå i gang. Dette var eit stort arbeid som kravde mykje kjeldegransking.

Sjølv om Slapgard tidlegare hadde skrive på nynorsk, var det uendeleg mange sider med riksmål i kjeldematerialet om Sigrid Undset, og dette gjorde at det vart enklare å nytte bokmål. I 2007 hadde ho ferdig Sigrid Undset. Dikterdronningen - En biografi på heile 583 sider.

Etter dette arbeidet greidde ho ikkje heilt å leggje frå seg kven Sigrid Undsets mann, Anders C. Svarstad, eigentleg var, og romanen Maleren kom ut i 2015. Slapgard sleit hardt for å få Svarstad med i det ho skreiv. Mange sider vart kasta, og ho følte at ho "hadde gått inn i det andre rommet". Sanning er meir enn fakta, og Maleren vart skriven som fiksjon. Elles kom ho i føredraget inn på skilnaden mellom desse to menneska, Undset og Svarstad. Kanksje hadde ikkje Kristin Lawransdatter vorte skriven utan ekteskapet med Svarstad?

I mellomtida hadde lillebroren hennar fått kreft, og medan han låg på dødsleiet, hadde han fleire spørsmål om korleis det eigentleg var med fleire hendingar frå barndomen. Sjølv om ho var storesystera og skulle vite meir enn han, kunne ho ikkje alltid svare, og det var historia bak hendingane ho måtte finne ut av. Ho kjente det som å gå inn i skuggelandet, og båe desse bøkene: Paradishagen ( 2011)og Englestien (2013), er romanar.

Vi møttte ein svært reflektert forfattar, ein som arbeider grundig med kjeldene og som skriv godt. Verkelegheita har vore hennar oppdragsgjevar, som ho starta med å seie.  

Både før og etter føredraget var me så heldige å ha BUL-koret til å synge for oss. Dei starta med "Din tanke er fri", og det er alltid moro å sjå og høyre dei under framføringane.

Dei avslutta med "Svantes lykkelige dag" rett før kaffien, og då var me 30-40 til stades som kunne kose oss med kaffi og rundstykke/kaker.

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS