Årsmøte i Mållaget
Årsmøtet vart halde tysdag 14. februar.
Etter matøkta med blautkake og kaffi, las Maria Viken dikt.
Maria held framleis liv i lyrikklubben, og me er heldige som har henne. Denne gongen hadde ho vald ut eit dikt frå kvar av desse forfattarane: Arne Garborg, Jakob Sande, Haldis Moren Vesaas, Aslaug Ljåstad Lygre og Olav H. Hauge. Ho batt dikta ihop ved å fortelje litt om dei og avslutta med Olav H. Hauge: Det er den draumen me ber på at noko vidunderleg skal skje. . .
Meir frå årsmøtet kan de lese ved å klikke på Om oss i menyen til venstre. Årsmøteprotokollen finn de der.
|