Jan Kristoffer Dale kjem til Mållaget
Nytt høvet til å møte forfattaren Jan Kristoffer Dale i Mållaget tysdag 24. oktober. Han vil m.a. lese frå novellesamlinga si "Arbeidsnever".
Han har i år fått tildelt Tarjei Vesaas’ debutantpris for 2016 og Sørlandets Litteraturpris for denne samlinga. Novellene handlar om vanlege menneskjes liv og arbeid; folk som ikkje gjer det bra på skulen, ikkje får fast jobb, ikkje finn nokon å slå seg saman med og ikkje kjem inn i bustadmarknaden.
Møtet tek til kl 19 i Mållagssalen, 2. etg. i Gyldenløvesgt 11, inngang i Kirkegata.
Enkel servering. Inngangspengar 50 kr. Elevar og studentar gratis.
Alle velkomne!
|