FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Nynorsk i skule og barnehage

 (21.10.2017)

Biletet her viser nokre av bøkene vi hadde med til Strømme skole 17. oktober.

Når skulane har nynorskprosjekt over 3 - 4 veker, stiller Mållaget med mange ulike bøker.

Elevane kan velje seg noko som høver kvar einskild, både når det gjeld innhald og vanskegrad.  Eindel bøker vert presenterte når vi kjem, noko som aukar leselysten når bøker skal veljast.

På slutten av perioden forventar vi frå Mållaget ein bokomtale på nynorsk. Det er også trekking av bokpremie til klassane

Noregs Mållag ser på arbeidet med språk i barnehagen som svært viktig og oppmodar mållaga om å vitje barnehagar og gi bort nynorske biletbøker. Eplehagen, Bergtorasvei, Roligheden og Ravnedalen barnehagar har fått bokpakkar i 2017. På Roligheden gård og barnehage har Mållaget hatt opplesing no i haust.

Det er alltid inspirerande å kome til skular eller barnehagar der me blir godt mottekne og personnalet ser verdien av nynorsk.

Kristiansand er ein stor kommune med nesten 90 000 innbyggarar. Språket er bokmål. Kommunen har 34 ordinære grunnskolar og 27 barnehagar. Dessutan er det mange fleire private barnehagar. Nesten 1200 born tek til i fyrste klasse kvart år.

Sjølv om bokmålet dominerer, er det nokre skular og barnehagar som er svært positive til nynorsk. Personalet set stor pris på besøk frå Mållaget.

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS