FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Nynorsk for alle på Agder

 (23.10.2007)

Alle skriftspråk er konstruerte ut frå eit eller anna talemål. Nynorsken er laga på ein flott måte. Ivar Aasen fann fram til fellestrekka i dialektane i heile landet og bygde eit skriftspråk på desse. Difor liknar ikkje nynorsken hundre prosent på nokon enkelt dialekt, men har fellestrekk frå alle. Nynorsken er det beste skriftlege uttrykket for dei norske dialektane, også her på Agder.
Det er ikkje først og fremst språk og kulturuttrykk frå andre delar av verda som trugar norsk kultur. Den største trusselen ligg i folks likesæle. Me må dyrka norsk språk og kultur for å halda oppe mangfaldet i den norske kulturen.

Dersom me gjev frå oss vårt eige språk, nynorsken, mister me på same tid den største kulturarven vår. Misser me orda, seiemåtane og songane, så misser me og kunnskapen om fortida vår. Språket vårt, dialektane og nynorsken, er det sterkaste ankerfestet for lokal og nasjonal identitet, og difor er folk glade i språket sitt.

Mållaga på Agder arbeider for at nynorsken skal stå sterkt i radio, fjernsyn, aviser, barnehage, skule, kyrkja, universitetet, næringslivet og kommunane på Agder.

Me utfordrar alle som ønskjer språkleg og kulturelt mangfald til å melda seg inn i Mållaget. Me er over 800 medlemer fordelt på 24 lokallag på heile Agder. Bli med du og!

Bruk det skriftspråket som er ei ryggstø for dialektane: nynorsk!

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS