FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Nynorsk på Lovisenlund

 (25.03.2018)

Også dette året var det svært god mottaking på Lovisenlund skole for nynorske bøker.

Like etter vinterferien var nesten 60 elevar på femte trinn var samla for å høyre om nynorskopplegget dei skal jobbe med i tre veker. Dei var vel førebudde til perioden, og det var difor lett å presentere ulike bøker for dei.

Rett etter presentasjonen gjekk dei etter tur i gang med å velje bok. Dei aller fleste var svært motiverte, og det tok ikkje lang stund før dei fann seg ei bok å lese i.

Bokutvalet femner vidt, frå svært enkle biletbøker til forteljingsbøker på 2-300 sider og tyngre faktabøker. Det meste er skjønnlitteratur, men det er også eit godt utval av fagbøker. Bøker om dyr og bøker frå 2. verdskrig er det fleire som gjerne vil lese.

På førehand hadde elevane fått utdelt vekeplan der dei hadde i lekse å lese i nynorskboka mellom 10 og 20 minutt kvar dag.

Dei såg ut til å vere ivrige og konsentrerte lesarar, og sidan dei startar nesten kvar skuledag med 15 minutt stillelesing, har dei svært god lesetrening.

Etter fyrste dagen vart elevane spurt om det var vanskeleg å lese nynorsk, men svaret frå mange var: "Jeg merker ikkje at jeg leser nynorsk. Er så vant til det allerede".

Heldigvis er det mange gode nynorske bøker for barn og unge å velje i!

Lovisenlund skole har hatt nynorskprosjekt for 5. trinn sidan 2007, og der har heile tida vore positive lærarar og skulebibliotekarar. Elevane har arbeidd godt med nynorske ord og uttrykk og også prøvd seg på å skrive litt.

Anne-Lise Stangenes, ein av lærarane på femte trinn, fortalde at ho hadde hatt god hjelp av opplegg frå Nynorsksenteret.heimesida til skulen har ho dessutan eit godt innlegg med både tekst og bilete som viser litt frå nynorskprosjektet.

Svært positivt at dette skjer i bokmålskommunen Kristiansand!

 

 

 

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS