FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Opplesing i Roligheden gård barnehage

 (07.04.2018)

Onsdag 21. mars møtte Gyro Nesland, Sylfest Lomheim og Solveig Lima opp i Roligheden gård barnehage for å lese nynorske biletbøker.

Gruppene me las for, var i alderen 4-5 år. Etter tur  kom dei inn på leseromet der dei var møtt med fleire biletbøker og opplesing. Det var aktive og interesserte born, og dei såg ut til å gle seg over bøkene. Dei fekk m.a. høyre om Bella Bloksberg, Bella i barnehagen, Jakob og Neikob og Frosken som er lei seg.

Personnalet i barnehagen er svært positive til at borna får høyre nynorsk og vil gjerne ha besøk frå Mållaget. Me var der i to gonger i 2017 og vart ynskt velkomen tilbake til hausten. Det vil me sjølvsagt fylgje opp.

Barnehagen har tidlegare fått fleire biletbøker frå Mållaget, noko dei har sett pris på.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS