UiA bryt mållova
(20.06.2018) UiA har lenge brukt alt for lite nynorsk. Det alvorlege er at dei heller ikkje har synt forståing for dei krav mållova sett for statlege institusjonar. Deira siste utspel tyder derimot på at leiinga ved UiA aktivt motarbeidar nynorsk som eit jamstilt språk. Det har ført til ordskifte i Forskerforum og Fædrelandsvennen. Språkrådet har bede om ein tiltaksplan frå UiA innan 1. juli 2018.
Resultatet for nynorskbruken ved UiA i 2017 står til stryk (F). På nettsidene er det 4,3 % nynorsk på www.uia.no og 0,9 % på www.kompetansetorget.uia.no. Av korte tekster på 1-10 sider finst ingen på nynorsk, men for tekster over 10 sider er det 5,5 %. På sosiale medium er 1,2 % på nynorsk. Berre 2 av 131 skjema finst på nynorsk i tillegg til bokmål. Alle målingar er milelangt unna kravet om 25 %.
Langt meir alvorleg enn dårlege målingar er det at leiinga ved UiA aktivt motarbeidar mållova. Me vonar det ikkje er ein offisielle politikk, men heller eit utslag av fåkunne. Uansett rart at dei ikkje har rådførd sitt eige nordiske institutt som sitt på fagkunnskapen. UiA ligg dessutan langt bak UiB og UiO når det gjeld bruk av nynorsk, og det ser ikkje ut som det har gått utover det faglege nivået deira. Snarare det motsette. Så kan ein spekulere i kva andre utslag diskriminering av nynorsk har førd til ved UiA.
Sylfest Lomheim vert intervjua om saka Fædrelandsvennen fredag 22. juni https://www.fvn.no/nyheter/lokalt/i/kaOpJk/Hudflettar-leiinga-pa-universitetet
Her ligg eit utval av saksdokument og lenker til saker i media:
http://files.zetta.no/www-nm-no/_filer/spraakraadet_uia_30042018.pdf
http://files.zetta.no/www-nm-no/_filer/spraakraadet_uia_24052018.pdf
https://www.forskerforum.no/universitet-ber-om-a-slippe-nynorsk-vil-heller-ha-engelsk/
https://www.forskerforum.no/ikke-bruk-utenlandske-forskere-som-argument/
https://www.fvn.no/mening/kronikk/i/vmKmEL/Vil-UiA-slippe-a-vare-et-universitet
https://www.fvn.no/mening/leserinnlegg/i/A2Mb53/-Nar-UiA-tror-de-er-USA
https://www.fvn.no/mening/kronikk/i/8wkq5Q/Den-brysamme-nynorsken
https://www.fvn.no/nyheter/lokalt/i/kaOpJk/Hudflettar-leiinga-pa-universitetet
https://www.fvn.no/mening/kronikk/i/OnAzqq/UiA-og-nynorsk?spid_rel=2
https://www.fvn.no/mening/leserinnlegg/i/qndvyO/Det-er-norsk-sprakpolitikk-a-halde-nynorsken-i-hevd
https://www.fvn.no/mening/leserinnlegg/i/m64eel/Onsdag-Agder-pa-malet
https://www.fvn.no/mening/leserinnlegg/i/7lG4k3/Trump-pa-UiA
Ronny Rognhaugen |