Haustprogrammet 2018
(21.06.2018) Hjarteleg velkomen til Mållaget i Kristiansand hausten 2018.
Diverre vert det ikkje møte i lyrikkgruppa denne hausten. Maria Viken, som trufast har stått på i 20 år for å halde gruppa i gang, har no funne tida inne til å gje seg med dette arbeidet.
I staden prøver me no å ha ein temakveld med litteratur/lyrikk den fyrste tysdagen i månaden. På møtet i september er temaet Færøyane. Tema for oktober og november er ikkje heilt fastlagt enno.
Både lagsmøta og litteratur/lyrikksamlingane tek til kl 19.00 og er sjølvsagt opne for alle. Alle er også velkomne til jolemøtet, men der er det påmelding. Dersom du har kjenningar som er interesserte i programma Mållaget har, er det svært bra om du får desse med. For meir informasjon, kan du sende eit brev til Mållaget i Kristiansand, Pb. 617, 4665 Kristiansand, eller ein e-post til maalkrs@online.no
Tysdag 4. sept.: Litteratur/lyrikksamling. Tema: Færøyane.
Tysdag 18. sept.: Lagsmøte. Andrea Maini: Kjempeviser frå Agder og Eldre Edda (første del): Konning Tidrick sidder udi Bern
Tysdag 2. okt.: Litteratur/lyrikksamling. Møt Tove Bakke. Saman med Ragnar Hovland har ho omsett dikt av den spanske lyrikaren Frederico Garcia Lorca.
Tysdag 9. okt.: Magne Skjævesland: Ferda-Vinje Konsert og kåseri
Tysdag 6. nov.: Litteratur/lyrikksamling. Kåseri ved Ronny Rognhaugen: Asmund Olavsson Vinje, korleis hadde han det eigentleg?
Tysdag 13. nov.: Lagsmøte. VG-journalist Yngve Kvistad: Nynorsk i media
Tysdag 11. des.: Jolemøte. Sylfest Lomheim kåserer: Kva me ikkje veit om advent og jol!
Kort presentasjon av føredragshaldarane i haust:
18.09.: Andrea Maini: Kjempeviser frå Agder og Eldre Edda: Konning Tidrick sidder udi Bern
Andrea Maini er fødd i 1979 og kjem frå Bologna, Italia.
Han har utdanning frå Universitetet i Bologna med hovudfag i tysk språk og litteratur og hovudfag i germansk lingvistikk.
Hausten 2004 blei han teken opp som doktorgradsstipendiat i nordisk med ei avhandling i norrøn lingvistikk om språkkontakt mellom gammalfrisisk og nordisk i vikingtida med prof. Ernst Håkon Jahr og prof. Michael Schulte som rettleiarar.
Maini lærte seg norsk på kort tid og har vore aktiv i mållaget. Han er no leiar i Vegårshei Mållag og tilsett som kantor i Fjære kirke.
I føredraget vil han ta føre seg den fantastiske viseskatten frå både Setesdal og Agderkysten som syner røtene i Eldre Edda og endå lengre tilbake. Me blir kjende med gotaranes konge Didrik av Bern som styrte Italia på 500-talet og følgjer han og folketonar om han heile vegen frå Ravenna i Italia til Bygland i Setesdal.
Kjempevisa Konning Tidrick blei nedteikna i 1861 av L. M. Lindeman etter John Olson Langerak, Ådalen, Bygland
09.10.: Magne Skjævesland: FERDA-VINJE. Konsert og kåseri.
Skjævesland er født i 1955 og kjem frå Hvalstad i Asker. Han er songar, gitarist, forteljar og skodespelar.
I høve 200 års jubiléet for Aasmund Olavsson Vinje i 2018 har han turnert over store delar av aust-og vestlandet med konsert og kåseri om Vinje tidlegare i år.
Mållaga på Agder har no fått han til vårt distrikt. Framsyninga inneheld 12 melodiar frå boka Ferdaminne frå sommaren 1860 av Vinje. Alle melodiene er tonesett av Skjævesland. I tillegg er her skodespel, allsong, hallingkast med meir.
Framsyninga varer totalt 60-70 min fordelt på 2 halvtimes økter med pause imellom, så dette vert ein litt annleis kveld i Mållaget.
13.11.: Yngve Kvistad: Nynorsk i media
Kvistad er født i 1964 på Straumen i Inderøy, Nord-Trøndelag.
Han er journalist i VG, og han har tidlegare vore medlem i Målungdomslaget.
I 2014 gav han ut ei bok om Sicilia der lesaren vert teken med gjennom kultur, historie og gastronomiske opplevingar: «Sicilia: en dannelsesreise». I 2016 gav han ut ei bok om norsk mat: Sodd: i bøtter og spann, ei kulturhistorisk matbok med soddrettar frå heile landet, ikkje berre frå Trøndelag.
Han gjesta haustseminaret på Ose i 2017 og er ein dyktig føredragshaldar. På seminaret fortalde han om Sicilia sidan temaet for på kulturkvelden dagen før var «Italiensk aften».
11.12.: Sylfest Lomheim: Kva du ikkje veit om advent og jol.
Sylfest Lomheim er født i 1945 i Hafslo i Sogn. Han er utdanna filolog og var i mange år knytt til Høgskolen i Agder, der han var rektor frå 1987 til 1992.
Frå 2004 til 2010 var han direktør i Språkrådet. Han er no professor emeritus ved institutt for nordisk og mediefag ved UiA.
Han var språkkonsulent i NRK frå 1980 til 1994, medarbeider i radioprogrammet Språkteigen frå 1990, og ein kan framleis høyre han i dette programmet.
Dessutan har han ei språkspalte i Klassekampen kvar onsdag, og i tillegg til dette er han reiseleiar på mange turar i Tema-reiser.
På årsmøtet i 2017 vart han vald inn i styret for Mållaget i Kristiansand.
Styret |