FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Lyrikkveld/spansk aftan i Mållaget 2.10.18

 (04.10.2018)

Det var den spanske lyrikaren Frederico Garcia Lorca som var tema for omsetjar og gjendiktar Tove Bakke denne kvelden.

Ho er svært engasjert i Lorcas liv og dikting, og utgangspunktet for føredraget hennar var LORCA: Dikt i utval "Grøn vil eg ha deg grøn" , gjendikta av Tove Bakke og Ragnar Hovland (2016).

Lorca var fødd i liten landsby utanfor Granada i regionen Andalucia. Foreldra var jordeigarar og mora lærar, og han såg med stor glede tilbake på dei elleve åra her før dei flytte til Granada.

Folkekulturen stod sterkt i området, både muntlege forteljingar og songar, og ikkje minst musikk og dans. Tove Bakke presiserte at han var ein diktar som heile livet hadde kontakt med barnet i seg, måten å tenkje og uttrykke seg på. Dei sterke inntrykka frå barndomen greidde han å formidle i dikta han skreiv, og han begynte tidleg å skrive. "Han var ein bildekunstnar med ord", som ho sa.

Men han var sterkt kritsk til det han skreiv, og dei fleste dikta kom ikkje ut før etter mange år, for det var alltid noko å endre på. Han likte best å framføre dikta muntleg, enten han las dei opp eller song dei medan han spelte gitar.

Han hadde eigentleg tenkt å bli musikar, og han lærte å komponere av ein god ven, musikaren Manuel de Falla. Saman arrangerte dei ein sigøynerkulturfestival i Granada for å ta vare på den andalusiske songtradisjonen.

Faren forlangte at han skulle studere jus, og han begynte med studiet i 1919 i Madrid. Her hamna han i eit kunstnarmiljø, og dette vart viktig for Lorca som var open for alle nye impulsar, men samstundes oppteken av den gamle lyrikktradisjonen.

I dikta skreiv han mykje om døden og kjærleiken, og han såg alltid livet frå dei undertrykte og fattige si side. Å vere annleis og sårbar, kjente han sterkt på. Homofili på den tida i dagens Spania, var ikkje noko ein kunne vedkjenne seg.

I 1929 reiste han til Amerika for å lære seg engelsk og opplevde då krakket i Wall Street. Han hadde ei voldsom forestillingsevne, og mange surrealistiske dikt vart laga i den tida. Etter New York drog han til Cuba, og her fann han seg godt til rette og skreiv mykje.

Han var svært folkekjær, og svært mange kunne fleire av dikta hans utanåt.

Då borgarkrigen begynte i juli 1936, rådde venene i Madrid han frå å reise til Granada, men han ville til heimtraktene. Kanskje trudde han seg usårleg, for han skreiv ikkje politiske dikt. Men styresmaktene såg kor populær han var. Alltid tok han parti med dei svakast og var kritisk til den spanske sivilgarden. Ordren dei tre politimennene i Granada fekk om å hente han midt på natta og skyte han, var gitt av Franco sjølv.

Ein interessant kveld, men diverre var me berre fire til stades i tillegg til Tove Bakke. Ho hadde til slutt utlodding av tre bøker, m.a. "Grøn vil eg ha deg grøn". Denne boka kan verkeleg anbefalast.

Den spanskinspirerte maten hadde Borghild Løver ordna, og me kunne kose oss med mat og kaffi medan me lytta til diktlesinga. Sidan me var så få, var det lett å kome med spørsmål, og det vart fin samtale kring bordet. Møtet vart halde i haustferien, og det dårlege frammøtet kan nok skuldast dette.

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS