FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Kulturkveld og haustseminar på Ose 19-20. oktober 2018

 (21.10.2018)

Tradisjonen tru var det samling for mållaga på Agder denne helga. Kulturkvelden fredag hadde omlag 50 deltakar og det vart eit variert innhald med Vinjesongar, Vinjeføredrag, stev, ølbrygging og slåttar på munnhorpe. Og sjølvsagt setesdalssuppe. Laurdag var det meir fagleg innhald med tjuge deltakarar.

Astrid Carlsen synte kvifor Vinje sine songar er nokre av våre kjæraste songskattar, 200 år etter at tekstforfattaren vart fødd. Ronny Rognhaugen tok føre seg livssoga til Aasmund Olavsson Vinje og drøfta kvifor samtida og ettertida vurderte han så ulikt. Sigrid Bråten Berg song døme på ulike formar for stev knytt til Setesdalen. Torkjel Austad fortalde om kunsten å bryggja øl og oppstarten av ølbryggjeriet Bygland. Vidar Frøysnes spela munnhorpe mellom soger om slåttane og livet elles i dalen.

Laurdag var det samling i Storstoga frå 1650. Ferdaskrivar Borghild Løver tok opp kor viktig valnemdene er i lagsarbeidet. Dei må arbeida langsiktig for å få ei god samansetting av styret. Valprosessen må vera så open og ryddig som mogleg.

Torgeir Attestog fremja ein ide om skrivekurs for yngre forfattarspirer. Alternativt forfattarseminar på Agder.

Ingar Arnhøy, skulemålsskrivar i Noregs Mållag, held to innlegg på haustseminaret.

Digitale læremiddel

Læreplanen for grunnskulen var klar i 1969, men fyrst i 1974 var forskrifta for læremiddel klar. Det kan tyde på likesæle og ansvarsfråskriving. Resultatet er at skuleeigarar (kommunar) og til dels rektorar må ta jobben med å vurdera kvalitet og språk for læremiddel. Det hadde vore mykje meir effektivt om utdanningsdirektoratet hadde tatt ansvar for dette og hatt ei sentral godkjenningsordning. Då kunne skulane ha fokusert meir på å gje elevane ei fullgod opplæring i båe bokmål og nynorsk. Bokmålet er i dag totalt dominerande utanfor skulen og det er heilt legitimt for rektorar å framsnakka nynorsk overfor elevar og foreldre. I 1972 var det 32.000 i barnehage. I 2018 er 350.000. Difor er det viktig at alle møter nynorsk i bøker, songar og soger frå starten.

  1. Avklar stoda for digitale hjelpemiddel i din kommune
  2. Ver merksame på elevtilpassa materiell frå ideelle organisasjonar som DNT og Raude Krossen (stort sett berre bokmål)
  3. Del informasjon om bra nynorsk materiell

Argument for målreising i 2018:

  1. Det har aldri vore meir nynorsk i Noreg enn i dag.
  2. Nynorsk har aldri stått sterkare enn i dag; motstanden er svekkja.
  3. Det har aldri vore lettare å vera nynorskbrukar enn i dag.
  4. Det har aldri vore lettare å driva målarbeid enn i dag.

Målet er 14.000 medlem av Noregs Mållag i 2021. I dag er det i underkant av 13.000. Det er tenkjemåten, ikkje talemåten som kan endre tanken. Skriv nynorsk, tal sant! Men ver sjølvkritisk jfr. Karl Marx: Kritikk, kritikk og atter kritikk.

Er språk berre kommunikasjon? Kva med eit forbod mot norsk? Språk er kultur, ikkje natur. Jan Myrdal: Fødd og fanga inn i eit språk. Tilsvarande Toril Moi/Simone de Beauvoir: Fanga av kvinnebiologi. Tradisjonar kan endrast. Kven har rett?

Korleis tenkjer folk? Motkreftene. Er nynorsk berre vestlandsk? Språket er større enn ein sjølv. Mange rare ord i nynorsk? Kvel vanetenking. Berre ulikt bokmål? Er dei gamle argumenta gyldige? Drep bokmål dialektane? Ikkje nødvendigvis jfr. Hallingdal, Valdres, Land og Toten. Korleis berge dialektane?  Sjå det som eit kollektivt tap. Finn ein fiende som ein kan samla seg mot.

Ronny Rognhaugen
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS