FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Nynorsk gudsteneste

 (02.06.2019)

Sundag 2. juni var det nynorsk gudteneste i Domkyrkja i Kristiansand, eit samarbeid mellom Mållaget og Domkyrkja som starta i 2010. Dette året var det forstandar Idar Magne Holme som heldt ei preike over tekst frå Johannesevangeliet.

Til kyrkjekaffien kom det over seksti personar, og alle såg ut til å trivast og kose seg med dei gode kakene.

Leiv Storesletten leia samankomsten under kyrkjekaffien på ein uformell og grei måte, noko han har gjort i mange år no. Det er han som har stått for samarbeidet med soknepresten, Aud Sunde Smemo, eit samarbeid som har fungert svært bra.

Spesielt denne gongen var at fleire hadde med seg born under skulealder. Borna hadde ein grei boltreplass både på scenen og golvet etter kaker og saft var fortært.

Samarbeidet med Domkyrkja gjer Mållaget meir kjent i Kristiansand, og det er fleire som  gjev uttrykk for kor bra det er å høyre preike, salmesong og liturgi på nynorsk.

Kyrkjekaffien i Mållagssalen etter gudstenesta er noko Mållaget ynskjer å halde fram med.

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS