FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Mållagsmøte 19. november med Tore Kvæven: Liv og daude i det norrøne Grønland

 (13.11.2019)

Denne gongen var me så heldige å få forfattar Tore Kvæven på gjesting. I 2018 fekk han Brageprisen og Sørlandets litteraturpris for "Når landet mørknar". Det var dryge 30 frammøtte. Sylfest Lomheim leia møtet.

Den norrøne busettinga på Grønland tok til med landnåmet til Eirik Raude i 985 eller 986. Dei isfrie områda på Grønland er større enn heile Noreg. I Austbygda kunne husdyra gå ute heile året. Siste dokumenterte hending er eit bryllaup i Hvalsey kyrkje 1408. Arkelogiske utgravingar syner at det levde norrøne folk der til omlag 1500. Med andre ord snakkar me om ei historie på 500 år. Sagaene er mest frå den fyrste tida.

Det er tre årsakar til at busettinga døydde ut: Kaldare klima, konflikt med inuittane og mindre handelssamband med omverda. Meir dramatiske teoriar er utflytting vestover eller piratar. Det siste skjedde på Island ved Vestmannaeir kor ei heil bygd vart bortførd. Eit lite kjend fenomen er at 4-5.000 nordmenn var tekne som slavar til Nord-Afrika.

Nemninga eskimo kjem frå indiansk, via fransk på 1700-talet til Danmark-Noreg. Det tydar «dei som et rått kjøt». Inuitt er deira eiga ord for menneske. Grønlendingane omtalte inuittane som skrælingar og skilde dei såleis ikkje frå indianarar. Thule-kulturen kjem til Grønland rundt 1050, men minst fire andre inuittkulturar har kome og forsvunne tidlegare. Austmenn er nordmenn.

I si førre bok «Hard er mitt lands lov» (2011) var hovudpersonen ein viking frå Grønland. Mykje kunnskap kunne brukast om att i siste bok. Forfattaren har vore ti dagar på Grønland og sett seg litt omkring under arbeidet med skrivinga. Helge Ingstad har vore til inspirasjon med sine bøker om Vinland og Markland. Norskamerikanske Inger Skog har gitt ut tre bøker. Jenny Dimond har òg skrivi mykje om temaet.

Handlinga i «Når landet mørknar» (2018) tek til i 1293. Hovudpersonen Agnar (Ørn) er då 15 år gamal og med på si fyrste kvalrossjakt. Attende på land treff han Eir (Valkyrje)  og alt ligg til rette for kjærleikssoga. Vesterbygda vert fråflytt om lag 1350 og samfunnet i boka er prega av nedgangstider og pessimisme. Agnar derimot er optimistisk. Han er lite sjølvkritisk og han vågar å utfordra makta.  Namn som Sandnes, Lysefjorden og Austmannadalen finst. Andre namn er nytta utan at me i dag veit kor dei var. Andre er heilt oppdikta. 

Han brukte heile 20 år på den fyrste boka og måtte strukturera handlinga betre i neste. Den brukte han 5 år på. Må skriva, skriva og skriva inntil han er nøgd. Nye sidehandlingar kjem til undervegs. Soleis vert det mykje omskriving og det er vanskeleg å vita når nok er nok. Han trur det er annleis for Karl Ove Knausgård som skriv ei side kvar dag og ser seg ikkje attende. Han kjenner meir fellesskap med Lars Mytting, særleg i Søsterklokkene. Elles er det tre bøker han set høgt: Dsjamilja av Tsjingis Ajtmatov (Kirgisistan), Advent av Gunnar Gunnarson og Den gamle mannen og havet av Ernest Hemingway. Alle er korte bøker og han ynskjer sjølv å skriva kortare. Han synast det er vanskeleg å halda grepet gjennom ei lang bok på 450 sider.

Sylfest Lomheim omtalte Tore Kvæven som «Garborg frå Sirdal» og las nokre utdrag frå boka. Det fall mange godord om språket, den gode nynorsken. Lite skildring, mest ord og handling. Forfattaren er allvitande og fylgjer folk og dyr. Me vert kjende med det indre liv til ein kvalross og ein isbjørn i tillegg til eit utal av personar. Somme stader er setningsbygnaden snudd om som i norrønt. På spørsmål om boka er ein kommentar til miljøsaka i dag, svara forfattaren «nei». Det er som Tarjei Vesaas sa det: «Lesarane ser ofte noko anna enn forfattaren». Kva gjer ei bok til ein roman? Gjera personane levande med kjensler. Skrivemåten gjer handlinga til ein roman. Kvifor Grønland? Han lik seg i opne og nakne landskap som snø, is, stepper og ørken. Kim Leine som òg har skrive om Grønland (1700-talet): «Det er stort og det ligg der».

Kvæven skreiv ein kort tekst Byen som vart framførd på Kilden under framsyninga Kristiansand.Nå. Diverre måtte han gå ganske tidleg fordi han skulle få Kulturprisen for Vest-Agder Fylkeskommune på 100.000. Det var nok fleire som ville spørja han om mangt, men det vart det ikkje høve til. Han kjem att til BUL i januar. Matøkta var som vanleg triveleg og praten gjekk lenge om likt og ulikt. Stor takk til komiteen med Sylfest og Solveig i spissen.

http://files.zetta.no/www-nm-no/_filer/tore_kvaeven.pdf

Ronny Rognhaugen
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS