FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Jolemøte i Mållagssalen tysdag 10. desember

 (11.12.2019)

Tradisjonen tru var me samla til eit førjolsgilde. I år var me 25 personar som vart møtt med glitrande joletre og eit like gildt bord.

Tobbi Kvaale leia møtet som tok til med allsong. Lasse Stray stilte som vanleg bak pianoet. Etter ein song fekk språkprofessor Gudlaug Nedrelid ordet med føredraget "Jol i Norden". Ho tok til med eit stev før ho fortalde om gamle og nye skikkar for jolefeiringa. Gamle germanske ord var tekne opp i finsk og samisk, og levde der vidare ganske uendra. I dag kan det sjå ut til at handelsstanden finn fram jolepynten stendig tidlegare og at joletreet må ut rett på nyåret.

Så var det rett over på pinnekjøtet og det var nok mat til alle. Attåt kaffien var det pepparkaker og anna smågodt. Etterpå var det gang rundt joletreet med fem jolesongar og monaleg med vers. Samkomet vart avslutta med ein siste song ståande ved bordet og så byrja komiteen å rydda opp. Stor takk til Solveig, Borghild, Cecilie, Cecare og Kjellaug som syte for det heile.

Ronny Rognhaugen
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS