FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Målagsmøte 28. januar med Sylfest Lomheim: Skilnaden på å skriva sakprosa og skjønnlitteratur

 (30.01.2020)

Ernst Håkon Jahr innleia møtet og presenterte føredragshaldaren. Dei 20 frammøtte tok til med songen "Målet hennar mor" med Sylfest som forsongar.

Sylfest tok utgangspunkt i røynslene med "Andre Samuelsbok" som han gav ut i 2019. Romanen kom til som ei utfordring i 2013 frå ein forlagsredaktør som Sylfest ikkje klarte å seia nei til. Det vart ein lang prosess fram til målet. Hovudpersonen i boka er ein psykiater med namnet Samuel Ølnes og handlinga vekslar mellom Oslo og Sogn. Nokre verkeleg personar er på gjesting i boka, men dei fleste er oppdikta. Tittelen peikar på Bibelen og soga om dei fyrste kongane David og Saul.

Den fyrste utgåva var på 400 sider før ho vart kutta ned til 220. Dette kan vera tungt for mange forfattarar, men det kosta ikkje så mykje for Sylfest å vera litterær kirurg. Mykje bra vart fjerna, men resultatet vart strammare og betre jfr. Tarjei Vesaas. Forlaga kom med innspel om båe form og innhald. M.a. vart innleiinga flytt på og forteljarrøysta vart endra frå 3. person (han) til 1. person (eg). Det siste gjorde jamvel at det vart meir avstand til hovudpersonen. Sylfest meinte at forlaga var for opptekne av konstruksjon, vendingar, plott og løysing: "Livet går ikkje opp!".

I utgangspunktet er det ein glidande overgang mellom fakta (factum est) og fiksjon. Essayet er eit slikt grensetilfelle. Litterære grep som frampeik kan nyttast i sakprosa og kunstprosa kan innehalda faktaopplysningar jfr. Agnar Mykle og Kjartan Fløgstad. Sjølv om sakprosa er tufta på gransking så må ein byggja informasjon i ein roman for at historia skal vera truverdig. Sylfest meinte at det viktigaste skiljet var språket; i kunstprosa er språket sjølve poenget. Skrivekunsten, ordkunsten.

Sakprosa: Å skriva er å tenkja; eksplisitt argumentasjon.

Kunstprosa: Lat lesaren lesa og tenkja sjølv (implisitt).

Til slutt vart det opna for spørsmål og det var delte meiningar om grensegangen. Romanen måtte vera noko meir enn berre språk. Røyndomslitteraturen til Karl Ove Knausgård og Vigdis Hjort vart òg nemnd. Føredraget vart avslutta med "Blåmann, blåmann bukken min".

Under matøkta etterpå var det høve til å kjøpa signerte bøker av forfattaren.

Ronny Rognhaugen
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS