FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Årsmøte for Mållaget i Kristiansand tysdag 11. februar

 (30.01.2020)

Årsmøtet vart gjennomførd som planlagd med 15 medlemmar til stades.

Leiv Storesletten leia møtet. Solveig Lima las årsmeldinga og Ronny Rognhaugen la fram rekneskap og budsjett (sjå vedlegg nedanfor). Årsmøtet vedtok styret sitt framlegg om å innføra lokallagskontingent på 40 kroner frå 2021. Ole Steffen Gusland las orienteringa frå Gyldenløvesgate 11 Eigedom AS. Alt vart godkjend og teke til vitande. Under matøkta informerte Torbjørn Vik om brannrutinane i bygget. Møtet vart avslutta med val av nytt styre og utsendingar til landsmøtet på Sola 24-26. april og fylkesmøtet på Evje 28. mars. Ny leiar takka årsmøtet for tilliten, valkomiteen for sitt arbeid og Solveig Lima for ein framifrå innsats som leiar for Mållaget i sju år! Og stor takk til Tobbi Kvaale som går ut av styret etter seks år.

Nytt styre 2020:

  • Leiar Ronny Rognhaugen (ny), heimeside
  • Nestleiar Ernst Håkon Jahr (ikkje på val)
  • Kasserar Anne Erfjord (ny)
  • Styremedlem Gyro Irene Nesland (ny), skulemål
  • Styremedlem Sylfest Lomheim (ikkje på val), stipend og skrivetevling
  • Varamedlem Kjellaug Kvalsvik (attval) og Ragnar Alrek (ny)

 

Saksliste

Årsmelding 2019; korreksjon: Ernst Håkon las dikt frå Lesbos, ikkje Kreta.

Rekneskap 2019

Budsjett 2020

Medlemskontingent 2021

Protokoll

 

Ronny Rognhaugen
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS