FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Mållagsmøte tysdag 8. september 2020 med Brit Bildøen

 (16.08.2020)

Sylfest Lomheim ynskja velkomen. Me talte diverre berre ti med alle; gjester, komité og medlemmar. Møtet tok til med to songar; (400): Målet hennar mor og (449): Den fyrste song.

Brit Bildøen er fødd i Ålesund, men var innom Bergen og Oslo før oppveksten på Aukra, ei øy like vest for Molde. Ho debuterte i 1991 med diktsamlinga «Bilde av menn». Totalt har det kome 15 bøker i dei fleste kategoriar frå henne, og biblioteket i Kristiansand har ni av desse. Møtet tok føre seg dei to siste romanane. Ho har jobba som konsulent i Samlaget i 15 år.

Sju dagar i august (2014) handlar om ekteparet Sofie og Otto. Dei miste ei dotter på Utøya i 2011 og åtte år seinare går handlinga føre seg onsdag-torsdag. Eit flottbitt utløysar det heile og det skjøre samlivet vert rive ned og krakelerer. Ideen til boka er lånt frå «Desperate personar» av den amerikanske forfattaren Paula Fox.

Tre vegar til havet (2018) er bygd opp om tre parallelle historier; kroppen, Staten og eksilet. Hovudpersonen er same kvinne i ulike stadium etter avslaget på ein adopsjonssøknad. Den fyrste delen er sjølvopplevd. Historia starta med eit tankebilete om ei kvinne som trilla på ein koffert med ein daud katt. Skreiv fyrst eksilet, så Staten og til slutt kroppen. Perspektivet er tredje person, for ikkje å gjera det for personleg. Ornitologien var viktig for eksil delen og handlinga er lagt til Lista. Ho likar å setja seg skikkeleg inn i noko nytt. Det førde til at ho vart spurd av Kagge forlag om å skriva ei sakprosabok om fuglar «Over land og hav» som snart kjem ut.

Ho fortel at bøkene ofte har ein lang tenkjefase før ho finn personar og hendingar. Struktur og komposisjon kjem til etter kvart. Ho er ingen ordgytar og legg mykje i kvar setning. Starten på ein roman er viktig. Lesaren må koma fort inn i historia og verta inkludert . Ei god bok skal ikkje vera for lang. Føredraget vart avslutta med ein song; (599) Nordmannen, millom bakkar og berg …

Etter møtet var det servering av kaffi og kringle. Praten gjekk om mykje og mangt. Takk til komiteen med Kjellaug, Sylfest, Cecilie og Ronny. Stor takk til Solveig som hjelpte oss å finna fram i det nye kjøkenet!

Ronny Rognhaugen
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS