FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Medlemsbrev 16. august 2020

 (16.08.2020)

Gode mållagsmedlem!

Etter ein spesiell vår vonar eg det vert normal aktivitet i haust. Me gjer difor eit nytt forsøk med Brit Bildøen og Aud Sunde Smemo. I tillegg kjem Ernst Håkon Jahr med eit interessant tema. Dei siste åra har styret invitert til litteratur/lyrikk samlingar. Dette har vore uformelle møte kor me har delt våre lesaropplevingar. Diverre har deltakinga vore fallande og dei siste gongane var me berre tre-fire til stades. Styret har difor vedteke at me inntil vidare ikkje programfestar desse. Men om det er medlemmar som vil ta ansvar for samlingane, vil styret gjerne vidareføra tiltaket. Om du kan tenkja deg dette så ta kontakt med meg.

Mållaget har fått si eiga side på Facebook. Gruppa har no 73 medlemmar og meld deg gjerne inn om du ikkje allereie har gjort det på https://www.facebook.com/groups/620519508537052. Sjølv om det har vore lite medlemsaktivitet har ikkje styret vore arbeidslaust. Me har brukt mykje tid på interne tilhøve og vil halda fram med dette i haust. Resultatet vil leggjast fram på eit mållagsmøte i god tid før årsmøtet 16. februar. Prosjektet med nytt kjøken vart vedteke i vår og er snart klart til bruk. Prosjektet er kostnadsrekna til 800.000 og betalast av G11 Eigedom AS. Dette vil få verknader for den økonomiske situasjonen til Mållaget i år. Landsmøtet for Noregs Mållag vart utsett frå april til oktober, men det er framleis uvisst om gjennomføringa pga. koronasituasjonen. 

Ronny Rognhaugen
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS