FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Medlemsbrev 8. oktober 2020

 (08.10.2020)

Gode mållagsmedlem!

Hausten er komen og programmet vårt held fram trass i regn, vind og korona. På Mållagsmøtet 8. september med Brit Bildøen var me berre ti frammøtte, men det vart eit gildt  møte for oss som var til stades. Det nye kjøkenet er innvia og komiteen fann seg fort til rette. Fullstendig rapport ligg på heimesida vår https://www.nm.no/lag/mallaget-i-kristiansand/ saman med mykje anna. 

Haustsamlinga på Ose nærmar seg og fullstendig program kjem snart. På haustseminaret er hovudtemaet «Agdersatsinga 2021-25». Slik ser programmet ut fram til jol:

  • 13. oktober Ernst Håkon Jahr fortel om Andreas Faye og Ivar Aasen
  • 30-31. oktober Haustsamling på Ose med Kulturkveld fredag og haustseminar laurdag
  • 3. november Aud Sunde Smemo fortel om Hans Børli, skogens diktar
  • 8. desember er det jolemøte (påmelding)

Verveaksjonen 2020 er godt i gang og alle som melder seg inn i perioden 1. oktober til 31. desember 2020 får medlemskap 2020-2021 for berre 200 kr. Send ein SMS med NYNORSK til 2490 eller gå inn på medlemssida og registrer deg. Veit du om nokon som vil vera medlem så ta kontakt med dei. Dei fleste treng eit smittevenleg dytt!

Når det gjeld heimesida skal denne flyttast over på ny plattform i oktober. Adressa skal då vera http://maalkrs.no som tidlegare. Det ligg mykje historikk på den gamle sida og me vil freista å få med oss alt. Ingenting skal gå tapt, men det er førebels uvisst korleis alt skal visast. Den gamle sida vert stengd 31/12-2020 sidan Noregs Mållag avviklar systemet. Facebook sida har no 81 medlemmar.

Hjelp til med å varsla kjenningar  om våre arrangement og heng gjerne opp plakatar på høvelege plassar!

Ronny Rognhaugen
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS