FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Positivt møte med Tove Bakke i Mållaget

 (19.11.2009)

Vi møtte ein utruleg engasjert og levande forteljar denne kvelden.
Som omsetjar var ho svært glad for å bli invitert, og det var faktisk fyrste gongen ho hadde vore på eit Mållagsmøte.

Ho starta med å fortelje om boka ho er mest kjend for: Saman er ein mindre aleine, av Anna Gevalda, ein ung, fransk forfattar.
Det er utruleg kor mykje tid som går med til undersøking for ein omsetjar. Ho brukte t.d. 6 veker på eit lite avsnitt om ein middag der kokken serverte kalv. Å finne ut kva dei 18 ulike delane av kalven heitte på norsk, vart heilt naudsynt for henne som er oppvaksen på ein gard, men ho enda opp med halvparten av orda.
Teksten vert ikkje omsett ord for ord, sjølv om ho må finne ut kva det tyder. Syntaksen og språkbruken er viktigast! Ho må finne grunntonen i boka og velje og velje heile tida.

For å omsetje bra, må ein gå inn i det forfattaren skriv og like det. Tove Bakke har sans for Anna Gevalda og har omsett fleire av hennar bøker, m.a. Lykka er ein sjeldan fugl Med denne boka vart ho nominert til Brageprisen for 2009.

Til slutt kom ho med ei sterk oppmoding om å kjøpe nynorske bøker. Saman er ein mindre aleine stod utstilt hos bokhandlarane i over eit år før fleire forlagsfolk las ho og gav ho god reklame. Boka kom då i pocketutgåve i 2007, og salstalet skaut i veret! Tove Bakke har fått mykje positiv respons for godt språk. Nynorsk er visst ikkje så vanskeleg likevel!

Ho kom også med eit par bereposar med nynorskbøker frå Samlaget til utlodding. Inntekta skulle gå til kjøp av nynorskbøker til ein ungdomsskule i Kristiansand. Det kom inn 2000 kr.

Det musikalske innslaget denne kvelden var folkemusikk frå Agder. Olaf Moen spelte harpeleik, Bente Aasheim fele og Borghild Løver song. Godt å lytte til, og me vonar dei vil stille opp fleire gonger.

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS