FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Julemøte i Mållaget 2012 (16.12.2012)

Julefest
Også dette året var det eit vellukka julearrangement i Mållaget. Som tidlegare, var det Olav Molland som var meisterkokken og stod for ein nydeleg pinnekjøtmiddag med heimelaga aprikosdessert etterpå.

Dette året var julekåseriet ved Sturla Ertzeid, og det vart halden under middagen i BUL-salen. Minne og juleskikkar frå hans eigen barndom og frå andre stader på Agder framførte han på ein stillferdig, men samstundes morosam og engasjerande måte!

Les meir



Musikken i språket (03.12.2012)

I haust har det vore fokus på språk på lagsmøta, og 13. november var det Jan Hognestad frå UiA som heldt foredraget: Musikken i språket. Utviklinga av tonale trekk i norsk talemål, med døme frå dialektar på Agder.

Dette bygde på doktorgradsarbeidet hans frå i vår. Det er ikkje alle som tykkjer det er lett å få tak i kva som meinest med tonalitet eller tonelag, men Hognestad la det fram på ein pedagogisk bra måte slik at me iallefall forstod litt meir etter foredraget.


Les meir



Arnhild Skre med kåseri om Hulda Garborg (19.10.2012)

Lagsmøtet i Mållaget var denne gongen i samarbeid med BUL, og møtet vart halde i BUL-salen.
For nærare 40 tilhøyrarar heldt Arnhild Skre eit engasjerande foredrag om Hulda Garborg.

Boka hennar: Hulda Garborg Nasjonal strateg fekk ho Brageprisen for i fjor haust. Ho gav oss eit godt bilete av livet til Karen Hulda Bergersen, født i 1862 på ein storgard på Stange i Hedmark. Men ekteskapet fungerte ikkje, og faren kasta mora saman med veslebarnet Hulda ut.

Les meir



(18.10.2012): Nynorsk i det norske språksamfunnet
(12.06.2012): Kyrkjekaffi i Mållagsstova sundag 10. juni
(18.05.2012): Kransnedleggjing ved Jørgen Løvlands byste i Wergelandsparken
(13.05.2012): Haustprogram 2012
(21.03.2012): Humørfylt lagsmøte 20. mars
(05.03.2012): Nynorsk i 5. klasse på Lovisenlund
(22.02.2012): Ny heidersmedlem i Mållaget
(27.01.2012): Nynorsk i 7. klasse på Hånes
(17.01.2012): Nordahl Grieg på Sørlandet
(02.01.2012): Program for Mållaget i Kristiansand vårhalvåret 2012
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS