FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Vårprogrammet i Mållaget 2017 (15.12.2016)

Også denne våren har me fått fleire dyktige føredragshaldarar til møta våre, så her er mykje å gle seg til.

Maria Viken held trufast fram med lyrikkgruppa, og desse møta byrjar kl. 18.30 og er opne for alle, både medlemer og ikkje-medlemer. Fyrste møtet i 2017 er 17. januar.

Lagsmøta er sjølvsagt òg opne for alle, og desse tek til kl 19.00. 24. januar får me besøk av leiaren i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn. Han vil ta føre seg "Stoda for nynorsken - med sørlandsk vinkling".

Årsmøtet er 14. februar, og sakspapir vert send ut til medlemene på førehand.

28. mars kjem Olav Vesaas og vil fortelje om foreldra sine, Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas: "Liv og dikting i lag". Musikalsk innslag ved Anne Karin Kaasa.

Til det siste møtet, 2. mai, er me så heldige å ha fått direktøren i Språkrådet, Åse Wetås, til å kome. Ho er fyrste kvinne og fyrste rogalending i denne toppstillinga!

Tradisjonen med nynorsk gudsteneste held fram. 28. mai kjem Idar Magne Holme til Domkyrkja i Kristiansand for å halde preika. Etter gudstenesta vert han med på kyrkjekaffien i Mållagssalen.


Les meir



Jolemøte 13. desember (14.12.2016)

Eit vellukka jolemøte med Harald Sødal som kåsør og pianospelar!

Tobbi Kvaale frå styret leia møtet og presenterte han på ein fin måte. Ho rekna ikkje opp alt han har vore med i i Kristiansand, men kom med personlege  minne frå den tida ho også arbeidde i kommunen.

Som biletet syner, har no alle vendt stolane mot lerretet og gler seg til kåseriet som kjem etter velsmakande pinnekjøt og ein kopp kaffi.


Les meir



Noregs største språk - bokmål eller nynorsk (24.11.2016)

Føredraget til Rolf Theil tysdag 22.11.16 var eit interessant og tankevekkande føredrag. Kva meiner ein eigentleg med "største språk"? Er det det som blir talt av dei fleste, eller det som blir brukt i skrift av dei fleste?

Sjølv brukte han grenlandsdialekten i føredraget, og viste til at dei fleste av orda i denne dialekten er nynorske, d.v.s. at dei bygger på gammalnorsk. Theil hevda at 80 % av folk i Noreg snakkar dialekt og dermed ein dialekt som har røter til gammalnorsk.


Les meir



(10.11.2016): God og humørfylt konsert med Raabygg
(31.10.2016): Journaliststipend
(19.10.2016): Møte med Sigrun Slapgard 18.10.16.
(17.09.2016): Gløymde songskattar frå Setesdal
(12.09.2016): Utlysing av journaliststipend 2016-2017
(22.05.2016): Kyrkjekaffi i Mållaget 22.5.2016
(18.05.2016): Kransnedlegging ved Jørgen Løvlands byste
(18.05.2016): Haustprogrammet i Mållaget 2016
(20.04.2016): Kristin Sørsdal i Mållaget 19. april
(15.04.2016): Kristin Sørsdal til Mållaget tysdag 19. april
(11.04.2016): Nynorskprosjekt på 5. trinn på Lovisenlund skole
(16.03.2016): Kristin Fridtun på Kristiansand Folkebibliotek: "Veit du kva du snakkar om?"
(11.03.2016): Nynorsk opplesing i Kløvergården barnehage
(08.03.2016): Nynorsk leseprosjekt på Iveland skule
(09.02.2016): Nynorsk på Strømme skole
(21.01.2016): Folk og folkehumor frå Setesdal og indre bygder
(18.01.2016): Nynorsk på Hånes
(..): Forfattarmøte 18. oktober
(..): Konsert med Raabygg i BUL/Mållagssalen onsdag 9. nov. 2016 kl 20:00
(..): Noregs største språk - bokmål eller nynorsk
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS