FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Program for våren 2014 (19.12.2013)

Hjarteleg velkomen til mållagsmøta våren 2014. 

Fyrste lagsmøtet er 21. januar, og då kjem Vibeke Lauritsen og fortel om nettstaden Allkunne og om hennar erfaring med nynorskundervisning i vidaregåande skule. Ho er ein svært dyktig og engasjert lærar, oppteken av språket og kor mykje som er likt nynorsk i Kristiansandsdialekten.

Årsmøtet er 18. februar.

Elles ser me fram til både 18. mars  og 29. april. 18. mars vil Cecilie Seiness halde foredraget: "Jon Fosse. Poet på Guds jord" og 29. april får me høyre Arne Torp kåsere over emnet: «Ivar Aasen på Agder i 1840-åra og talemålet på Agder i dag – likt eller ulikt?»

Også dette året blir det nynorsk gudsteneste i domkyrkja. 25. mai har me fått Torleiv Austad til å halde preika, og etterpå blir det kyrkjekaffi i Mållagssalen.

Lyrikkveldane byrjar kl. 18.30 og er opne for alle, både medlemer og ikkje-medlemer.
Lagsmøta tek til kl 19 og er sjølvsagt opne for alle. Eitt unntak er årsmøtet som berre er for medlemer.


Les meir



"Best å vera budd" (11.12.2013)

Det var den nye fana til skyttarlaget i Steinkjer som fekk denne setninga brodert i gulltråd på slutten av 1800-talet. Fredrikke Marie Qvam hadde spurt Ivar Aasen til råds om ide til eit godt slagord for skyttarlagsfana på heimstaden hennar.

I eit interessant foredrag i Mållaget 3. desember gav Bjørg Seland oss eit godt inntrykk av to sterke kvinner på 1800-talet: Aasta Hansteen og Fredrikke Marie Qvam. Bjørg Seland, professor i historie ved UiA, sit inne med mykje kunnskap om tilhøva på den tida, så dette temaet vart ei fin avslutning på det tradisjonelle julemøtet vårt.  


Les meir



Studentane som vart tvangssende til Tyskland (08.11.2013)

 Til lagsmøtet i Mållaget denne gongen kom pensjonert tannlege Vigleik Frigstad og fortalde om studentane i Oslo som vart arresterte i slutten av november 1943, altså 70 år sidan i desse dagar. Han vart sjølv interessert i emnet gjennom Torkel Masvie, skuletannlegsjef i Kristiansand frå 1955 til 1980, og foredraget bygde på eit intervju med Masvie i 2004.

Dette er ei noko ukjent historie for fleire av oss, men foredragshaldaren sat inne med mykje kunnskap og gav oss eit godt inntrykk av kva som skjedde frå studentane vart arresterte til dei kom heim i mai 1945.


Les meir



(10.10.2013): Lagsmøte med Ottar Grepstad tysdag 8. oktober
(29.09.2013): Ombygging i Mållagsbygget.
(24.06.2013): Program for hausten 2013
(28.05.2013): Kyrkjekaffi 26.5.2013 i Mållagsstova
(24.04.2013): Kvinner er ikkje som menn
(14.04.2013): 7. klassingane på Skarpengland klare for nynorsk
(13.03.2013): Litteraturkveld med Kjartan Fløgstad 12. mars 2013
(26.02.2013): Ivrige nynorsklesarar på Lovisenlund skole
(29.01.2013): 7. trinn på Hånes har nynorsk på timeplanen
(23.01.2013): Agderforfattar i Mållaget tysdag 22.1.2013
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS