FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Velkomen i Mållaget i Kristiansand!


Mållaget i Kristiansand held til i 3. høgda i Mållagsbygget på hjørnet av Gyldenløves gate og Kirkegata ved Wergelandsparken.

Me arrangerer mållagskveldar med aktuelle tema, eit fellesmøte med BUL kvart semester pluss fleire lyrikksamlingar.

Mållagsmøta og lyrikksamlingane er på tysdagar – fellesmøtet med BUL ein onsdag.
Sjå òg bilete frå mållagsstova!



Julemøte i Mållagsstova tysdag 11. desember kl. 19.00 (01.12.2007)

Vi fylgjer opp den gode tradisjonen med julemøtet vårt. Det vert servert pinnekjøt med det som høyrer til. Aprikosene skal vere serleg gode i år, så desserten vil vere smakfull som aldri før.

Etter middagen har Bjarne Tveiten frå Bykle programmet "Frå bok til pilegrimsferd". Sonen Magnus Tveiten spelar gitar.
Julemøta våre fylgjer ikkje den vanlege prisauken, så det kostar også i år 100,- kr pr. person.
Påmelding til telefon 38 08 54 59 / 911 49 133



Vellukka bokkafé (25.11.2007)

Born mellom tre og elleve år var innom Mållagsstova laurdag 17. november saman med interesserte besteforeldre og foreldre.

Les meir og sjå bilete her (pdf).



(25.11.2007): Frå interiøret i Mållagsstova
(24.10.2007): Hundre år med Mållaget
(23.10.2007): Nynorsk for alle på Agder
Stadnamn i Kristiansand
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS