FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Vårprogrammet 2015 (23.12.2014)

Hjarteleg velkomen til mållagsmøta våren 2015.

Lyrikkveldane byrjar kl. 18.30 og er opne for alle, både medlemer og ikkje-medlemer. Lagsmøta tek til kl 19 og er sjølvsagt opne for alle. Eitt unntak er årsmøtet som berre er for medlemer. Årsmøtet vert den 17. februar. 1. februar vert det dessutan nynorsk salmekveld i Kristiansand Domkyrkje kl 19.30. Organistane i Domkyrkja blir med, og kyrkjelyden får høve til å synge mange av dei gamle og nyare salmane som er blitt med i den nye salmeboka. 17. mars kjem Gudlaug Nedreli, professor i norsk språkvitenskap ved UiA og skal snakke om namnerenessansen i norske personnamn. Eit forfattarbesøk vert det denne våren også: 14. april kjem Alfred Fidjestøl og fortel om Asker-kretsen og boka som han gav ut i 2014: Frå Asker til Eden. Historia om Asker-kretsen. Cand.theol. Gunvor Lande skal halde preika i Kristiansand Domkyrkje 31. mai, og som alltid er det kyrkjekaffi i Mållagssalen etter gudstenesta.


Les meir



Julemøte i Mållaget 2. desember 2014 (05.12.2014)

Ein svært triveleg førjulskveld i Mållagssalen også dette året sjølv om me var noko færre gjester denne gongen. Kvelden starta med Jakob Sandes julesong Det lyser i stille grender før me gav oss i kast med juletallerkenen. 

Føredragshaldaren, Alf Holmelid, som er frå heimstaden til Jakob Sande, kommenterte at kultur og tradisjon frå heimbygda har fylgt han heile livet, og nynorsk har difor alltid vore det naturlege språket. Med utgangspunkt i eiga erfaring heldt han eit levande og interessant føredrag over temaet: Nynorsk i næringslivet.


Les meir



Ivar Aaasens språkprosjekt som nasjonsbygging (14.11.2014)

Ernst Håkon Jahr heldt eit interessant og engasjerande føredrag om emnet i Mållaget tysdag 11. november. Mange kom for å høyre på, m.a. ein klasse frå Kvaderaturen vgs., som tykte føredraget var lett å fylgje med i. Det same høyrde ein frå publikum elles.

Jahr opna med å sitere ein politikar frå Hedmark som hadde uttalt at "Nynorsk produserer kriminalitet". Grunnen skulle då vere at så mange droppa ut av vidaregåande skule fordi dei måtte ha nynorsk! 

Kvifor har me hatt debatt om språket her i Noreg, men ikkje i grannelanda?, spurde han. Hadde Grunnlova vorte laga for 300 år sidan, hadde me ikkje hatt språkstrid, men brukt dansk, slo han fast. 


Les meir



(16.10.2014): Mediespråk - bruk av engelsk og framandord i staden for god norsk?
(18.09.2014): Niels Henrik Abel - geniet frå Agder
(30.06.2014): Haustprogrammet 2014
(30.06.2014): Billettar til OrgelPluss-konserten i domkyrkja laurdag 20. september kl 19.30
(25.05.2014): Nynorsk gudsteneste i Kristiansand Domkyrkje 25. mai 2014
(11.05.2014): Arne Torp i Mållaget
(24.03.2014): Lyrikkgruppa.
(21.03.2014): "Jon Fosse. Poet på Guds jord"
(11.03.2014): Er alle bøkene på nynorsk?
(24.01.2014): ALLKUNNE - eit framifrå nettleksikon på nynorsk
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS