FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Interessant møte med redaktøren i gatemagasinet KLAR

 (20.01.2010)

Det gjorde inntrykk å møte ein så sterkt engasjert person som Oddmund Harsvik i Mållaget tysdag 19. januar. I arbeidet med gatemagasinet Klar har han lagt ned utruleg mykje tid og krefter. Det har vore i sal sidan april 2006.

Han starta med å fortelje om oppveksten på Sunnmøre. Der lærte han tidleg av far sin at når ein skulle slappe av, høyrde alkohol med. Berre 16 år gamal drog han til sjøs og vart her rusavhengig. Han vart oppsagt i den eine jobben etter den andre p.g.a. alkoholmisbruk. Ekteskapet havarerte. Han vurderte å gjere slutt på alt, men valde å starte med behandling. Han har nå ikkje smakt alkohol på 20 år, noko han er stolt av.

Han tok opp att arbeidet som frilansjournalist, og han skreiv nå mykje om skadeverknaden av rus. Stiftinga "Klar" vart oppretta i 2002, men han hadde likevel aldri trudd at ein rusmisbrukar kunne ha nytte av å selje ei avis på gata! Eit møte med redaktøren for gatemagasinet = Oslo, overtydde han om det motsette. Fire månader seinare, i september 2006, var fyrste gateavisa til sals i Kristiansand.

Å gi ut ei avis krev pengar, og i fleire år hadde han ein jobb ved sida av redaktørjobben. Drivkrafta for han har heile tida vore å sjå at det nyttar. Det gjer noko med både dei rusavhengige og "vanlege" folk i gata at dei kan møtast på ein ufarleg måte. Kunnskap om kvarandre får fram dei gode sidene i menneska. I fylgje politiet er det mindre kriminalitet i byen nå.
Gatemagasinet kostar 50 kr., og det må seljast 10 000 eksemplar for at det ikkje skal bli underskot. Seljaren får behalde 25 kr., og for mange er dette fyrste gongen dei må halde styr på eigne pengar.

Det er om å gjere å stoppe tilsiget av unge misbrukarar. Dei vaksne er føredøma. Harsvik var ikkje nådig mot "snikreklamen" for alkohol i media. Faren ved narkotika blir sterkt fokusert, medan alkoholbruk blir bagatellisert. Alkohol er diverre akseptert i dei fleste samfunnslag, men "rus er rus!", som han sa. Dette bør vere ein tankevekkjar for nokon kvar av oss!




Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS