FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Inspirasjon for vidare målarbeid på årsmøtet i Mållaget

 (18.02.2010)

Me hadde på dette årsmøtet, 16. mars 2010, besøk av leiaren i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård.Han gav oss ein bra oversikt over arbeidet til NM. På biletet ser me han saman med Bjug Åkre, avtroppande leiar i Mållaget i Kristiansand.

Spesielt peika han på kor viktig det er at borna får høyre nynorsk i barnehagen. Det er i barnehagen grunnlaget for språkkunnskapen og språkhaldningane seinare vert lagt. Men i studiet til førskulelærarane er dette langt frå nok vektlagt. Det gjeld utdanninga til lærarane i det heile. Interesse for - og kunnskap om språk manglar hos mange. Få er diverre opptekne av spåkpolitikk, men dei som er det, er mest alltid målfolk!
Det er nok å ta fatt i for det nye styret. I tillegg til å gjere nynorsk meir vanleg i barnehagane, bør me også gjere så godt me kan for å få fleire medlemer. I dag er det 101, og me burde vel i alle fall hatt 121!


Etter ein periode på tre år med ein solid og god innsats som leiar, meinte Bjug det måtte vere nok for han, og Anne Austad vart vald i staden, eit verv ho også har hatt tidlegare.
Her kan ho gripe sjansen hos Øvregård til å få gode råd for vidare målarbeid!


Ein som har gjort mykje for at økonomien i laget er så god, er Olav Molland.
Avtroppande leiar, Bjug Åkre, trekte fram at røynsla Olav hadde som banksjef var svært nyttig då han kom med i styret i Mållaget i 2000. Då var det stort underskot, og Nellas kafe måtte leggjast ned. Samstundes vart 2. høgda seld til BUL, og 4. og 5. høgda vart leigd ut til kontorlokale. At alt dette gjekk så greitt, har Olav Molland mykje av æra for.
Det er dessutan han som har stått for middagen på julemøta: Pinnekjøt med aprikosgrøt til dessert! Ein verdig heidersmedlem!

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS